Poste noko skjønnlitterært på bloggen kvar dag i ein månad-prosjektet: 1

Greinene slo henne i ansiktet medan ho sprang. Ho kunne ikkje sjå seg føre medan ho kviskra orda til eit trylleformular, ikkje eit så avansert eitt at det ville hindre månelyset frå å nå henne. Lyden av greinene mot pelsen deira kom stadig nærare, dei galopperande skritta let som om dei stadig blei fleire.

Ho mista konsentrasjonen i ei serie av fire like stavingar, og måtte byrje på nytt. Om ho kom fram til bymurene før ulvane ville ho vere trygg, der var det soldatar med maskingevær og sølvkuler. Om ho berre kunne halde månelyset unna seg nokre minutt ekstra ville ho faktisk rekkje fram. Dette for gjennom tankane hennar om og om igjen, som eit mantra. Kanskje ho kunne bruke det som ein del av formularet. Hald det enkelt, pla professoren hennar å seie. Lett for han. Eit ul steig opp, det var nærare enn før.

Folk erta henne for at ho var klønete, og det måtte sjølvsagt hente henne inn. I ein augneblink var ho på to, på full fart gjennom skogen, i neste låg ho med ansiktet ned i den mjuke jorda. Ho hadde vondt over alt. Formularet var sjølvsagt borte.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.