Hamløyparane: 24

Brede tumla ut av syltetøyglaset over på skrivebordet sitt. Det måtte vere hans, han kjende det igjen, og det låg notatark rundt han med hans eiga handskrift. Berre gigantisk, liksom.

“Ser han ikkje betre ut?” sa ei stemme. Det var ikkje Artur, han hadde blitt van med stemma til Artur, og dette var ikkje stemma hans. Det var ei damestemme, og han burde kjenne den igjen, det visste han, langt inne i den vesle humlehjernen sin.

“Jo, kanskje,” sa Artur. “Kan du bevege deg, Brede?”

Brede kravla seg på beina. Han følte seg svak, men med seks bein i staden for to var det lettare å halde balansen. Det var for kaldt i kroppen hans til at han kunne fly, og han hadde ikkje energien til å vibrere fllygemusklane, men han kunne gå. Litt, i alle fall.

“Skjønner du noko?” sa Artur, men ikkje til Brede.

“Eg kjenner formularet han har brukt, det heng framleis i lufta. Kor lenge var det du sa det var sidan han blei forvandla?”

“Tre dagar.”

“Det burde vore meir… Forsvunne, liksom. Han må ha hatt ekstra energi.”

Det måtte vere Anneli. Den smartaste jenta i klassen. Og ho var på rommet hans! Hadde han rydda alt undertøyet over i skitentøyskorga? Han hugsa ikkje, og det var umogleg å sjå. Han hadde ikkje støvsugd på minst to veker, så det fekk berre vere som det var.

“Kva er desse tønnene?”

“Veit ikkje, har han sagt noko til deg.”

“Nei, men det har vore ganske vanskeleg å kommunisere.”

“Hmm…”

Inni seg skreik Brede. Han visste ikkje korleis han kunne bli forvandla tilbake, men om det var nokon som kunne, var det Anneli. Ho måtte ha all informasjonen ho kunne få. Han kravla over til eit av notatarka, håpa dei ville leggje merke til han.

“Kva er det han driv med?” sa Anneli, og Brede høyrde særleg den melodiske klangen av stemma hennar.

“Eg trur kanskje han prøver å vise oss noko,” sa Artur.

“Wow. Det er notat frå professor Vu sin time. Eg hadde nesten gløymd at han gikk i same klasse som oss.”

Hjartet til Brede kunne ikkje søkke spesielt langt, men det kjendest som at det fauk nedst i brodden hans, og han kunne ikkje dra den tunge bakkroppen i nokon retning.

“Det var den timen han snakka om korleis ein kan seie formular som krev meir energi enn ein einsleg person kan bruke sjølv. Vu snakka om å bruke fleire magikarar, men det er tydeleg at Brede fann ein måte å gjere det på eiga hand.”

“Tyder det at du kan forvandle han tilbake?”

“Kanskje. Om vi finn nok energi. La meg snakke med professor Vu.”

Nei!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.