30 days: (26) denne veka

Day 26 → Your week, in great detail

Laurdag 5. juni
Det var fint vêr. Eg satt ute i parken og las fransk. Ola var i Italia, så eg var heilt aleine. Eg klarde ikkje å smøre meg på ryggen, så eg vart solbrent. Las vidare på sofaen inne. Var òg sliten og demotivert av lesinga.

Sundag 6. juni
Det var fint vêr sundag òg, så eg sat i parken med bok og PC. Rundt klokka tre kjøpte eg jordbær på Sultan og gav meg i veg mot St. Hanshaugen, der sommaravslutninga til SmiO skulle vere. Eg grilla og koste meg med dei. Eg drog heim ganske tidleg for å lese til fransken, men eg fikk ikkje lest så mykje. Pakka matpakke.

MÃ¥ndag 7. juni
9:00 Eksamen i gymsal 1 i Idrettsbygningen på Blindern. Gikk 10:15 etter å ha ete ei brødskive og sjekka over svara mine. Gikk ned på Akademika for å bruke gåvekortet eg fikk for å bruke masse masse pengar på pensum der, men det hadde allereie gått ut (31. mars, faktisk. Dust). Kjøpte brevpapir med jordbær på uansett. Sat meg på internett på Sophus Bugge. Åt lunsj med Mamma i Messa på Marienlyst 12:00. Møte med Stephan ca 14 om jobb. Heime litt etter 15, såg Doctor Who med Axel. Drog heim til Asker på middag. Det var tacos. Mamma køyrde meg heim saman med trombonen og symaskina, som eg har fått låne. Syddde.

Tysdag 8. juni
9 på skrivarstova. Middag på hydna (Tandoori Corner eller noko liknande på Grønland) litt etter fem. Sentralstyremøte 18:10. 19:15 sneik Ulrikke og eg oss ut og heim. Såg Top Gear til Ulrikke måtte ta siste bana heim.

Onsdag 9. juni
Møtte Kristian litt etter ni på Stortorget, me henta posten. Så sykla me ned til skrivarstova saman. Klokka 13 var Eva og eg på statsstønadkurs. Eg drog ned på skrivars igjen for å hente sykkelen. Fri på kvelden, så eg sydde litt. Eg treng ordentleg kvit tråd, har ikkje fått kjøpt det enno.

Torsdag 10. juni
9 på skrivars igjen. 13 på Rikshospitalet for å få påhekta ein hjartelydopptakar. Den skulle eg ha på i 24 timar. Tilbake på skrivars. Mange kommentarar på opptakaren. Tok bussen til Leangbukta og møtte Janne. Me var på fantastisk jolletur, sjølv om både jolla og motoren har det litt tungt på sine eldre dagar. Me kom oss til Kråkholmen, der åt me scones og kylling og filma gal svale. I Vollen hadde bensinstasjonen stengd, så me fikk ikkje kjøpt is. Me var i hamn ca 22:20, gikk saman til Hvile, og ende opp med å planleggje tur til Håøya i ein halvtime, så det ikkje var så lenge igjen til bussen kom. Var heime rundt midnatt.

Fredag 11. juni
9 på skrivarstova, ingen var der. Kristian og Eirik og eg hadde ein fin dag. Kom heim i regnet, åt litt, gikk på fantastiske Evig ung på Det norske teatret. Plutseleg vert det ikkje så ille å verte gammal.

Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment

30 day: (25) dagen min

Day 25 → Your day, in great detail

Eg skuldar på Målungdomen for at eg gløymde det i går.

Dagen min i dag.

7:30 Vekking. Sovna.
8:05 Våkna, såg på klokka, skvatt.
8:08 Stod opp, gjorde meg klar til å gå.
8:40 Tok trikken til skrivarstova (den var veldig full).
9:05 Kom på jobb. Var aleine på jobb. Fikk ikkje logga på datamaskina.
Kristian kom på jobb, og via sms fikk eg logga meg på Evas brukar.
Gjorde ulike NMU-relaterte ting.
11:30 Lunsj med kviss.
Jobba meir. Var litt udugeleg.
12:57 Heidi ringde. Me prata ABMU.
13:45 Tok av hjartelydopptakaren. Putta den i konvolutt. Gikk til postkassa.
Ringde folk og gjorde meir og mindre jobbaktige ting.
15:30 Eva og Kristian drog for å sjå på fotball.
ca 16 Gikk på Grønland Basar og kjøpte ei av ARA2121-bøkene.
ca 16:30 Tok på meg regntøy, spende eska med ABMU-t-skjortene bakpå sykkelen og sykla heim.
17:20 Ferdig i dusjen, åt litt og såg på Top Gear.
19:10 Tok trikken i regnet. Månadskortet mitt gikk ut i går, så eg måtte stemple eit flexikort. Det var frå 2009 og gått ut på dato, så eg trur det er bra eg har brukt det opp.
19:40 Møtte Anne og andre på Det norske teatret.
19:50 Janne kom.
20:00 Evig ung.
22:20 På Kiwi i Møllergata på veg heim. Eg gikk første delen av vegen saman med Janne, ho sit i målpolitisk råd og får to gratisbillettar til kvar framsyning, så eg sa eg ville gå med henne.
23:40 Har ete to brødskiver til, har prata med Ola, og skal snart leggje meg.

Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment

30 days: (24) kva eg vil

Day 24 → Whatever tickles your fancy

Jaguar E-type.


Tatt frå denne finn-annonsen: http://www.finn.no/finn/car/used/object?WT.synd_type=agent&finnkode=22761056&subMarket=FINN

Eg har sett mykje Top Gear i det siste (ny episode på sundag! Yay!). Det tyder at eg har fått med meg mykje om bilar.

Eg har alltid helst vilja ha ein Jaguar. Eg likar dei godt.

Då eg var yngre (pre-Top Gear) ville eg har ein mørkeraud Jaguar.

No vil eg ha ein Jaguar i british racing green. Det er ein mørk grønfarge, veldig fin.

Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment

30 days: (23) Youtube

Day 23 → A YouTube video

Iron Sky i 2011. Space Nazis. Ja.

Se òg den første traileren: http://www.youtube.com/watch?v=4KEueJnsu80

Andre kandidatar:
Charlie the Unicorn
Sagan om de bannlysta
Smack the Pony – The Wrong Shoes

Day 24 → Whatever tickles your fancy
Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment

30 days: (22) nettstad

Day 22 → A website

Det må verte xkcd. Eg veit at alle veit om den, men den gjer meg glad.

Teikneseriane er nerdete (nokre gonger for nerdete til at eg forstår det, men morosame likevel), dei er vare og personlege.

Eg vil ha ei t-skjorte.

Day 23 → A YouTube video
Day 24 → Whatever tickles your fancy
Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment