Prosjektet: 7

Nok ein gong ønskte ho at ho kunne gå tilbake i tid og sørge for at ho aldri hadde gifta seg med Ragnar. Han hadde vore så romantisk, og ho hadde ikkje visst om dei politiske syna hans, så då han fridde hadde ho ikkje visst at ho skulle seie nei. Dei hadde vore på konsert med symfoniorkesteret, og Ragnar hadde gått opp på scena i pausen og fått en av cellistane til å spele yndlingssongen hennar, og spurd så heile salen høyrde det. Ho kunne jo ikkje sagt nei då.

Så no var ho her, tok p-pillar i smug, så ho i alle fall hadde ein teoretisk sjanse for skilsmisse. Ho følgde draumen sin, men visste at det var håplaust.

Det slamra i ei dør. Møtet til Ragnar måtte ha blitt ferdig tidleg, eller så var ho altfor sein. Det glitra framleis av golvet, ei biverknad av magien, som til vanleg gav seg etter ein halvtime eller så. Han kunne ikkje sjå det. Ho byrja raskt å messe eit formular, eit som skulle endre utsjånaden, men det gjorde berre effekten verre. Hendene hennar var fulle av auser og kjelar. Ho hadde hjartet i halsen, mista oversikta over alt ho dreiv med. Ei sleiv smurde saus utover golvet. Ein kniv laga eit stort hakk, berre nokre centimeter frå tærne hennar.

“Ragnar?” sa ho spakt.

“Mira! Det luktar godt!”

Han hadde ikkje sett noko enno. Alt var over, ho visste det. Om han ikkje drap henne ville han i alle fall sende henne bort. Bort til dei skumle tantene hans på landet, tanter som nekta å flytte vekk frå udyra. Eller kanskje til eitt av dei religiøse programma han hadde donert til, som lova at dei kunne fjerne alle spor av magi frå ein person.

Ho kunne ikkje miste magien, eller byen.

Skritta hans kom nærare. No var han i stova. Ho klarte ikkje å snu seg og sjå på han, men ho høyrde på skritta hans at han hadde sett det.

“Mira? Kva er dette?” Stemma hans tordna, gjalla mellom veggane.

Alle musklane i kroppen hennar var hardt knytte saman. Ho kunne ikkje røre seg.

“Men sÃ¥ sei noko, kvinne!”

Sakte snudde ho seg rundt. Ansiktet hans var grufullt Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥. Ingen spor etter den mjuke, følande mannen ho hadde forelska seg i var igjen. “Ragnar, eg kan…”  Ho fekk seg ikkje til Ã¥ seie at ho kunne forklare, for det kunne ho ikkje.

“Eg hatar deg,” sa han, bøygde seg raskt for Ã¥ hente kniven ho hadde mista før.

Eggen kom mot henne, det var det einaste ho kunne sjå, og ho skreik noko, visste ikkje kva, og kniven kom aldri.

Ho opna auga. Ragnar låg I ein ekkel haug på golvet. Han pusta ikkje. Ho strekte ei dirrande hand mot halsen hans, kjende etter puls. Han var daud.

Ho la seg ved sida han, inntil han, kjærleg som dei ikkje hadde vore på år, og gret.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.