8 dagar

Eg er litt redd for at einkvar post eg vil skrive vil vera noko saant som dette: “No er det ikkje saa lenge igjen. Eg hatar skulen, eg er kald og har ikkje datamaskin. Eg vil heim.”

Eg kan ikkje lova at posten ikkje vert saann.

Damaskus er kaldt. Ikkje kaldt samanlikna med Noreg, kanskje, men eg vart akklimatisert til 35-40 grader no i sommar. Dermed er 10-15 gradar om dagen og 0-5 om natta kaldt. Rommet mitt er varma opp av ein dieselomn som sjoelvsagt maa av om natta. Betongboksen med opningar vert litt kald om morgonen. Eg har litt vanskar med aa staa opp. Og sidan madrassen min har gaatt fraa aa vera fin og fast og hard til vond og ekkel, faar eg ikkje sova heller.

Mac-en min doeydde. Igjen. Ola seier at ein kan faa pengane igjen om ein har hatt datamaskina inne til reparasjon for same problemet to gonger, saa det skjer. Anten i romjola eller like etter. Kanskje eg kjoeper meg ein MacBook Pro. Det hadde vore sexy. Uansett kjoeper eg meg ein Asus Eee PC, 10 tommer, til to og eit halvt tusen. Det er lite. I tillegg veier den ein kilo og litt og har batteritid paa over 8 timar. Sexybart.

Men det tyder at eg ikkje har PC no. Eg faar ikkje sett paa alle dei fantastiske episodane som Heidi lasta ned og to med til meg, deriblant Waters of Mars. Men eg les i staden. Det einaste av mine boeker eg ikkje har lest er Bikubesong og halve Jonathan Strange and Mr. Norrell, som eg slit med (litt tung. litt keisam). Eg har lese Digital Fortress av Dan Brown (crap, men spanande) og har nett starta paa ein krim? av nokon eg ikkje hugsar namnet paa. Heldigvis finst det boeker paa hostellet.

No er det to dagar igjen av denne veka. Torsdag er det maanenyttaar, saa daa har me fri. Fri! Sundag og maandag er det eksamen. Sundag er berre munnleg, men likevel. Eg planlegg aa ha ein gi-bort-stund etterpaa. Eg har saa mykje rart. Noko av det vil eg ta med heim. Tung sekk!

Eg kjem nok til aa sakna Damaskus. Det er mykje her som er veldig fint. Det er mykje her eg har vant meg til her. Det er mykje eg ikkje kjem til aa sakna.

Leave a comment

Bilete fraa Ambassadoerjolegreia

Sett paa Flickr

Leave a comment