Ord i dag: 970
Ord totalt: 44306
44306 / 50000 words. 89% done!
Å nei! Eg skreiv korkje NaNo eller Vest-Sahara-ting i dag! Men har ny mobil, då. Det er fint. Men det tok nokre timar å få satt den opp.
Heltepetter sÃ¥g utover sjøen med folk som no sÃ¥g mot han. Han var ganske sikker pÃ¥ at eit ganske lite mindretal faktisk kunne sjÃ¥ han. “Drage,” kommanderte han, han hadde aldri kommandert før, men han likte det visst godt, kjende han, “la meg klatre opp pÃ¥ ryggen din.”
Sverdet låg framleis i den høgre handa hans, det skein som eit verkeleg magisk sverd. Heltepetter stod breibent på drageryggen, han håpa at han ikkje ville falle av, då måtte han berre abdisere.