Dag 26

Ord totalt: 43 336
Ord i dag: 2335

43336 / 50000 words. 87% done!

Om eg berre klarar dei siste dagane no, så skal dette gå bra. Men eg må skrive nokre andre tekstar, så vi får no sjå.


Men, han var Heltepetter, og det ville han alltid vere. Han tråkka på ein av dei sleipe fiskane, og tryna med munnen først i sjøen av havets sølv. Han sat ein liten fisk i halsen, og heldt på å døy inntil kong Astrono kom til han med ein hendig heimlich-manøver.

Fisken skaut ut halsen hans, gjennom den opne munnen, forbi tennene som hadde trunge ein real omgang med tannkosten, og trefte kong Somal i auget. Den aldrande kongen greip seg til andletet, mista balansen og skleiv på det sleipe golvet. Han landa med hovudet først på ein bar bit av marmoren.

Det gav ein ekkel lyd.

Visdomsdragen var den første som klarte å ta seg over til den falne monarken.

“Daud,” sa han, og ville ikkkje seie meir.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.