Day 12 → Whatever tickles your fancy
Kva vil eg skrive om og leggje ut eit bilete av i dag? I alle fall ikkje den arabiske romanen og novella, som eg sit og les om. Eg skriv heimeeksamen om Ghassan Kanafanis Menn under sola.
Eg har hatt mange planar for kva eg ville skrive om i dag. Men eg hugsar ingen av dei.
Nei, eg vil vise dykk hamsterbabiar.
Litt for å vise meg sjølv at livet kan vere bra.
Litt for å vise dykk at sjølv dei styggaste ting kan vere pene.
Eg har hatt til saman ni hamsterbabiar. Sam og Rhea fikk plutseleg to kull, det første på fem og det andre på fire. Sam i boka (Ringdrotten, obviously) fikk tretten, så min Sam var nesten like god. Tretten born er i grunnen for mange. Stakkars Rhea, ho la nesten ikkje på seg i det heile første perioden. Så Sam kom seg inn mellom ho fødde og eg oppdaga dei neste morgon. Fire veker fødde ho altså igjen. Det var flaks eg hadde dei bittesmå dverghamsterane som eigentleg er ganske sosiale, elles hadde det vore mykje vald og ungeeting i buret deira.
Nyfødde hamsterungar er stygge. Dei er intenst heslige, men òg fantastisk nydelege. Auga deira er små klumpar med mørk hud, dei opnar dei ikkje før etter ca ei veke, om eg ikkje hugsar heilt feil.
Etter kvart får dei pels.
Day 13 → A fictional book
Day 14 → A non-fictional book
Day 15 → A fanfic
Day 16 → A video game scene that makes you cry (or nearly.)
Day 17 → An art piece (painting, drawing, sculpture, etc.)
Day 18 → Whatever tickles your fancy
Day 19 → A talent of yours
Day 20 → A hobby of yours
Day 21 → A recipe
Day 22 → A website
Day 23 → A YouTube video
Day 24 → Whatever tickles your fancy
Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy