Dag 10

Ord i dag: 2172
Ord totalt: 13256

13256 / 50000 words. 27% done!

Går betre. Guri vil ha merksemd, stakkars. Fann ut i dag at nano sluttar på ein fredag, det er ganske dårleg timing, så vi får sjå korleis det går.

Tenkte i dag om eg skriv 2167 ord om dagen er det berre 500 over dagsmengda, og gjer at eg tar igjen grafen fortare. Så eg prøver det.

Sjå Neil Gaiman inspirere her: youtube


Framfor meg: eit monster. Eg må ha sett vekk ein augneblink, for først er det ikkje der, så er det der rett etterpå. Kanskje det kom i løpet av eit blunk. Monsteret er stort, høgt, høgare enn båfrakken, det er nesten så det stangar i taket av korridoren, særleg med horna. Det har to horn, eitt på kvar side av hovudet, brune og dryppande med ei ekkel væske, dei bøyer seg mot himmelen. Eg har stoppa brått, Katrine dunkar inntil ryggen min. Monsteret er dekt av tynn, grisete, brun pels, huda synst gjennom, den er flekkete brun og grå, som ein forkvakla giraff. Eg ser på hendene dets, ser på føtene, dei har lange klør som minner om horna, dei er òg dekt av ei tjukk væske som eg ikkje vil skal komme i kontakt med huda mi.

2 Comments

  1. Håkon Mørk (@SamR03A) says:

    Tror jeg kan tippe hvordan Guri høres ut.

  2. admin says:

    Høyrd det før, kanskje?

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.