30 days: (15) fanfic

Day 15 → A fanfic

Denne har eg grua meg litt til. Det einaste eg les av fanfic er porno, altså slash.

Eg vil altså ikkje lese folk drive med karakterutvikling eller andre koselege ting. Eg er skitten.

Eg har òg lese kva nokre forfattarar seier om fanfic. Nokre er for. Nokre er mot. Det er viktig for dei å aldri lese fanfic av verka sine, for då kan dei verte saksøkt. Og det treng dei ikkje, heile verda treng ikkje at forfattarar vert saksøkte.

Eg har prøvd meg på å skrive ein slash ein gong. Eg har framleis arket med byrjinga. Det var basert på The Blue Sword av Robin McKinley, og speler på nokre undertonar ein kan late som ein ser mellom to jenter.

Ein annan gong prøvde eg å skrive noko uskuldeg om Violet frå The Incredibles.

Eg kjem nok aldri til å skrive dei ferdig. Eg føler meg innesperra når eg må skrive om andre folks karakterar, i andre folks univers.

Eg veit ikkje om eg nokon gong ville følt meg komfortabel med fanfic av mine verk (om det vert noko nokon gong), ein gong. Eg trur eg ville følt meg fornærma over at nokon trur dei kjenner mine karakterar godt nok, at dei trur dei kan gjere kva dei vil med dei.

Eg har lese nokre frykteleg grusomme fanfics.

Dette trur eg høyrest pretensiøst ut.

Day 16 → A video game scene that makes you cry (or nearly.)
Day 17 → An art piece (painting, drawing, sculpture, etc.)
Day 18 → Whatever tickles your fancy
Day 19 → A talent of yours
Day 20 → A hobby of yours
Day 21 → A recipe
Day 22 → A website
Day 23 → A YouTube video
Day 24 → Whatever tickles your fancy
Day 25 → Your day, in great detail
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.