Dag 17

Ord i dag: 2890
Ord totalt: 28193

Skriv til dykk frå Marrakech.

5 timar fly = med litt disiplin, masse ord. Nesten der eg skulle vore i dag. Yay for meg.

Dette blir òg ei veeeldig lang novelle. Vops.


Ingen kom for å redde dei. Det var skuffande, nokre riddarar på skinande kvite hestar burde ha komme brasande ut av skogen med ei vogn for å ta dei med dit dei ville. Ingen kom, så dei var nøydde til å reise seg igjen og gå vidare.

Rundt svingen kunne dei sjå ned på dalen under dei. Midt i dalen låg ein stor by. Heltepetter hadde aldri sett så mange hus saman, og så mange folk. Eit tynt grått band låg rundt byen. Det måtte vere muren Fotonetta hadde snakka om.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.