Gatelangs i Damaskus

3 Comments

Dyra i Damaskus

Den kvite kaninen er Fatoush, den brune er Baba Ganouj. Kattungen er Tabouleh (ho er daud no, diverre). /The white rabbit is Fatoush, the brown Baba Ganouj. The kitten is Tabouleh (she’s dead now, unfortunately.

Leave a comment

Heime fraa tur

Daa var eg heime fraa tur.

Eg kom heim laurdag kveld etter 13 timar med reise, grensekryssing, papirarbeid, dyre drosjeturar i Nord-Jordan, stress og veldig lite mat. Det var definitivt ikkje ein god slutt paa ein veldig fin tur.

Paa mange maatar foretrekk eg Damaskus.

Det er eit faktum at folk her er hoeflegare, venlegare og meir villege til aa prata arabisk med meg (om ikkje saa mykje, saa i alle fall litt). (Og det er mykje billegare her.)

Eg veit kvar ting er i Damaskus. Eg kan ta bussen i Damaskus.

Snart kjem eg til aa villa dra paa tur att.

3 Comments

Dikt: Havet

Eg elskar deg, havet.
Korleis lever eg utan
deg, i ørkenen?
Utan bølgesus,
sjøsprøyt,
lukta av salt?
Eg må bu nær deg,
havet, eg vil bu på eit
skjær i skjærgarden.
Då vil eg vera nær
deg, med bølge-
sus, sjøsprøyt,
og lukta av salt?

Leave a comment

Bilete frå turen til Aleppo

Me tok nattoget frå Damaskus til Aleppo 10. september. Me drakk te og kaffi og gikk for å sjå fortet (قلعة حلب), som er gamalt. Så åt me frukost, og drog til staden der St. Simeon hadde pålen sin (قلعة سمعان). Den er eldre. Pålen var veldig høg, no er han ganske låg på grunn av alle pilegrimane som har tekne med seg bitar. Deretter tok me toget heim.

5 Comments