Nok eit dikt: Eg var

Eg var

I oldtidas Egypt var eg oppdagar,
Eg fann kjeldene til Nilen.

I vikingtida var eg ein viking og kona hans,
Eg var tøff, eg var stri.

I Europas mellomalder var eg ein riddar,
Eg hadde hest, skjold og sverd.

I barokken var eg ei fin frue i kjole,
Eg spelte cembalo og hadde parykk.

I krigens dagar var eg motstandshelt,
Eg ofra liv og lemmar for landet.

i dag er eg student
nett som alle dei andre

10.-12. juli 2009

Leave a comment

Ennå eit dikt: Eg vandra

Eg vandra

Eg vandra meg inn i ein skog av glede
Om berre eg kunne dela han
For delt glede er dobbel glede
Eg ville dobla gleda mi

Eg vandra meg gjennom ein skog av lengsel
Ã…, som eg lengta etter noko
Eg er ikkje sikker på kva det var

Eg vandra meg ut av ein skog av glemsel
Eg hadde gløymd deg

10. juli 2009

Leave a comment

Ettermiddagsdiktet: Blekkflekkar paa fingrane

12. sept 2009

Eg har blekk paa fingrane
I dag er det groent blekk
Likar blekk paa fingrane
I morgon er det vekk

Paa skulen nyttar eg blyant
Faar ikkje blekk paa fingrane
Berre naar eg skriv
Faar eg blekk paa fingrane

Aere vere blekk paa fingrane
Det er eit prov
Paa at her finst meir
Meir enn leksar og behov

Dette er berre eit slags foersteutkast, men de faar sjaa det sidan eg nok ikkje kjem til aa gjera meir med det.
Eg skriv paa ein roman (trur eg) med arbeidstittel The Story of a Hero. Det er meir spanande enn aa sitja og telja stavingar, saa difor er ikkje dette diktet rytmefast. Jaja, kos deg likevel, eller ikkje.

Leave a comment

Ein post om Damaskus, ikkje med bilete

Eg har ikkje skrive saa mykje om Syria og Damaskus. Eg skal freista retta paa det no.

Damaskus er ein by eg har vorte veldig glad i paa berre den eine maanaden eg ahr budd her. Folk er veldige hyggjelege og hjelpsame, og byen (serleg innanfor murane) er veldig vakker og har mykje personlegdom. Eg bur i eit hus som er bygd inn i eit av taarna. Bussen til universitetet gaar paa vegen under, saa eg klatrar ned taustigen kvar morgon. Eg klatrar over murane til Damaskus!

Sjoelv om eg likar byen og folket veldig godt, er det irriterande aa ikkje ha internett, og det er slitsomt aa maatte passa paa kva eg seier. For to dagar sidan tok Kjersti og eg ein drosje med sjaafoer som dissa regjeringa og islam. Det var rart og litt skummelt.

Ein veit aldri kven som jobbar for styresmaktene. Sjoelv utlendingar kan gjera det.

Men eg trivast likevel.

Arabisken vert enklare. Eg er massivt spraakforvirra, med norsk, noreg, engelsk, fransk og dialekt- og standardarabisk. Men det gaar bra det og.

2 Comments

Bilete 24. august – Maaloula

4 Comments