Ei roeykelov for eit meir sivilisert samfunn

For nokre veker sidan fikk Syria ei ny roeykelov. Det er forbode aa roeyka noko som helst inne i eit offentleg (public?) bygg. Dette inkluderer universitetet, drosjar, og restaurantar. Om du skulle verta tatt er boten 40 000 syriske pund, rundt 5000 norske kroner.

Syria er ikkje saa sivilisert. Me har ein president som har sju palass, og me har mykje fattigdom og arbeidslause. Men det skal eg ikkje gaa for mykje inn paa foer eg kjem heim.

Noko av det folk trekk fram av det usiviliserte Syria er soepla i gata og roeykinga overalt (det er verkeleg overalt, overalt. Nett no satt ein fyr seg ned ved sidan av meg og tente ein roeyk, paa internettkafeen). Det finst soeppelkassar, det finst no ei roeykelov, kvifor maa folk kasta soeppelet sitt paa bakken? seier folk. Det er visst det som vil faa opp levestandarden og gjera landet meir likt Europa.

Eg prata med ein fyr i Jordan. Han sa at landet hans var misunnelege paa Syria, som klarar seg sjoelv.

Men det er berre paa eit vis.

Attende til roeykelova: ho vert ikkje handheva.

Det er visst ingen som veit om henne, og dei som gjer det bryr seg ikkje. Det er ikkje noko mindre roeyking.

Det er ein kultur for roeyk. Eigentleg er det to kulturar: det er sigaretten og nargilaen, shishaen, vannpipa. Du ser ikkje ein restaurant utan nargilaar.

Eit anna teikn paa sivilasjon: det er paabode aa nytta setebeltet i framsetet. Dette er visst meir handheva, for drosjesjaafoerane er veldig viktige paa det.

Eg vonar verkeleg at ikkje omsetjarane til Fredrik les dette i feil humoer.

Leave a comment