Soria Moria 2 og litt tankar

Nokre spreidde kommentarar om regjeringsplattforma

Eg har fått tak i passordet til internettet her på hostellet mitt, så eg kan lesa bittelitt om norsk politikk fram til den niande, når eg flyttar og er attende til å måtte gå på internettkafear.

Det er cirka tre emne for dette innlegget. Det første handlar om EU, det andre om nynorsk og språk, du veit desse målungdomane, du kjem aldri utanom, og det tredje handlar om høgare utdanning.

EU

Gjennom EØS-samarbeidet får me oversendt mykje lovverk frå EU. Me kan, om me vil, velja å ikkje innlemma desse EU-lovene i norsk lovverk, men det har til no berre vore ein teoretisk moglegheit. Eg var på ein litt nedslått demonstrasjon i kulda i november for å få eit veto mot eg hugsar ikkje kva for direktiv det var.

Men no er det visst andre rosinbollar.

Aftenposten skriv:
Senterpartiet og SV signaliserer i regjeringsplattformen at de kommer til å gå imot å innlemme EUs datalagringsdirektiv i norsk lov. Ap sier ja til direktivet så fremt det ikke vil få klare negative konsekvenser for personvernet. (http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3307969.ece)

I plattforma står det:
SVs og SPs statsråder og stortingsrepresentanter stilles fritt i denne saken. (side 29)
Det tyder sjølvsagt ikkje at det vert noko veto, men det er ein stad å byrja. Dei andre partia på Stortinget er for det meste negative:
РDirektivet bryter grunnleggende med prinsippet om at du ikke skal overv̴kes dersom du ikke har gjort noe ulovlig, sier Venstres parlamentariske leder Trine Skei Grande. (http://www.venstre.no/artikkel/24326)

Høyre er sterkt kritiske til direktivet og mener det representerer en uheldig og unødvendig inngripen i folks privatsfære. Dagens kriminalitets- og trusselbilde kan ikke forsvare denne type virkemidler, seier Elisabeth Aspaker, Høgres justispolitiske talskvinne

Og KrF: EUs datalagringsdirektiv går for langt i overvåkningen av lovlydige borgere, uttaler KrFs arbeidsutvalg. (http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/artikkel?p_document_id=5760&hovedtema=15105&person=&hva=16129)
Med eit par enkle søk på frp.no finn eg ikkje noko om datalagringsdirektivet.
Til saman har Arbeidarpartiet og Framstegspartiet fleirtal, så om FrP skulle bestemma seg for at dei er for, er det einaste me andre kan gjera å rosa oss sjølv for kampen.
(No har eg skrive mykje om ting eg eigentleg ikkje veit så mykje om.)
Fleire direktiv:
utsette implementeringen av EUs tredje postdirektiv. Vi vil innhente kunnskap og utrede konsekvenser av en eventuell implementering av direktivet (side 29 i plattforma)
Regjeringen vil arbeide for at EU ikke innfører et helsedirektiv som innebærer et svekket offentlig og desentralisert helsetilbud. (s. 43)

Dette er bra, der eg står, og her har me jammen eit bra direktiv: (tenk på det!)
Regjeringen legger til grunn at fornybardirektivet er EØS-relevant og vil forhandle med EU om å innlemme direktivet i EØS-avtalen. (s. 62)

Språk og dei tinga
Det første eg gjer når eg får tak i eit viktig dokument som dette, er å søkja på ordet “nynorsk”. Eg fann to treff på 81 sider.
Et kulturløft for hele landet
(…)
Flere språk og to norske skriftkulturer gir egne muligheter til kulturell vekst. Regjeringen vil sikre utviklingen av norsk språk, bokmål og nynorsk.
(s. 67)

Regjeringen vil:
(…)
fremme tiltak som gjør det lettere å bruke nynorsk
(s. 68)

Ikkje akkurat imponerande, men det er vel noko?

Dei skriv meir om nasjonale minoritetar, samar og samisk språk:

Urfolk og nasjonale minoriteter

Samene er et urfolk med folkerettslig krav på kulturvern og utvikling. Regjeringen ønsker å vitalisere samisk språk, kultur og nærings- og samfunnsliv, og vil støtte opp om samenes muligheter til å fungere som ett folk på tvers av landegrensene.
(…)
Regjeringen vil:

• følge opp handlingsplanen for samiske språk og stortingsmeldingen om samepolitikken
• vurdere å åpne opp for at skoleelever i de samiske områdene skal kunne velge samisk i stedet for sidemål, og arbeide for at det utdannes flere samiske lærere, førskolelærere og helse- og sosialarbeidere
(…)
• støtte tiltak som setter fokus på nasjonale minoriteters språk, kultur og kulturhistorie
(s. 71)

Sjølvsagt er det bra at samar skal få læra samisk, men å gjera det i staden for sidemål (i dei fleste tilfelle nynorsk), vert litt som diskusjonen me (i NMU i alle fall, har andre hatt det?) om norsk 2, der innvandrarar “slipp” nynorsk. Dei er vel alle menneske, som skal, dei fleste av dei, bu og arbeida i Noreg etter skulen. Statstilsette må kunna både bokmål og nynorsk, og alle kan vera så (u)heldige at dei får brev og anna viktig informasjon på nynorsk. Joda, folk argumenterer for at dei kan lesa nynorsk, men ikkje treng å læra å skriva det. Dette ser ut til å vera Unge Høgre i Asker, til dømes. Andre eg pratar med, eldre folk i Trondheim, som eitt døme, som ikkje lærte nynorsk i skulen, seier at dei ikkje kan lesa det heller. Skal me vera så rasistiske (!) at me tar frå samane den moglegheita?

No litt om utdanning

Eg vona på elleve månader studielån (gje meg mindre i stipend, det er greitt, men ikkje tving meg til å jobba i mai for å betala leia for juli månad, og for å kunne eta i juni, då eg framleis har eksamenar), eg vona på studentboligar, eg vona på ei (dei kalla det kvileskjæret, så eg tar metaforen vidare) ny lei for universiteta og høgskulane.

Dette skriv partia:

Lik rett til høyere utdanning

Større ungdomskull og flere studenter gir gode muligheter til å fylle samfunnets behov for kompetanse i årene som kommer. Universiteter og høyskoler er sentrale i utviklingen av kunnskapssamfunnet, og de må være langsiktige og faglig selvstendige forvaltere av kunnskap. Regjeringen vil sikre frie og uavhengige universiteter og høyskoler i hele landet som kan gi studentene forskningsbasert undervisning av høy kvalitet, som er relevant og tilpasset et moderne kunnskapssamfunn. Regjeringen vil i større grad legge til rette for samarbeid og arbeidsdeling i universitets- og høyskolesektoren for å styrke utdanningstilbudet i hele landet. Alle skal ha lik rett til utdanning, og det skal være mulig å studere på heltid.

Regjeringen vil:

• styrke basisbevilgningene til universiteter og høgskoler for å øke utdanningstilbudet, herunder etter- og videreutdanning og desentralisert utdanning, og øke antall studieplasser
• styrke utdanningsstøtten for studenter med funksjonsnedsettelser og studenter med barn
ha mål om å bygge 1000 studentboliger i året
(s. 51-52)

Eg likar særleg det skal være mulig å studere på heltid. Kor mange gonger har dei ikkje sagt det? For å kunne studera på heiltid treng me pengar. Anten må det vera så mange billege studentboligar i alle byar med universitet eller høgskular at alle som vil får plass, elles må studentane få meir pengar. Eg planlegg å jobba i løpet av semesteret etter jol, for første gong som student. Av erfaring er det naudsynt. Eg lever sparsomt, et heime (mykje First Price-spaghetti), drikk nesten aldri, er ikkje på kino om ikkje nokon andre betalar for det, men pengane strekk likevel ikkje til. Dette året rant det ut i april, året før i mai.

Regjeringa, det er fint at det vil bygga, men Regjeringen vil ha mål om å bygge 1000 studentboliger i året er ikkje så forpliktande, er det det?

De kan lasta ned regjeringsplattforma om de vil frå Aftenposten: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3308235.ece

Konklusjon, på eit vis

Det kunne vore verre.

3 Comments