Badeandsokkar


Eg har brukt Dale Cotinga, som er tilrådd strikkefastheit 18 masker per 10 cm på pinne 5. For å få dei litt fastare har eg brukt pinne 4 (og sjølvsagt gløymd å måle strikkefastheita mi). Eg har òg gløymd kva fargenummer eg har brukt, så finn noko fint sjølv.

Legg opp 48 masker på pinne 3,5. Strikk vrangbord med 1 rett og 1 vrang i 8 omgangar. Byt til pinne 4 og strikk 1 omgang rett samstundes med at du aukar 2 =50, start så på mønsteret (dersom du vil ha mønster). Strikk mønster så langt du vil ha det, men sånn at du kjem til eit parti der det er bakgrunnsfarge.

NÃ¥ skal du strikke hæl. Sett av 24 masker til rista (øvste del av foten), og strikk hæl fram og tilbake pÃ¥ dei andre 24. Eg liker Ã¥ strikke “eye of partridge”-hæl, det gjer du sÃ¥nn: pÃ¥ første rettpinne tar du av første maska laus, for Ã¥ lage fin kant. SÃ¥ strikkar du neste maske, men tar maska etter det igjen laus av som om du skulle ha strikka den, med trÃ¥den bak. Strikk sÃ¥nn annankvar bortover til du kjem til slutten av pinnen og strikk siste maska. PÃ¥ vrangsida strikkar du alle maskene vrangt. PÃ¥ neste rettside skal du gjere det same, men motsett. Ta av ein laus til kant. Ta av neste laus, og strikk den etter. Strikk vrangsida vrang igjen. Held du tunga rett i munnen blir det eit pent rutemønster og hælen blir ekstra tjukk. Strikk slik i totalt 24 pinnar (12 pinnar rett der du tar av og strikkar, 12 pinnar der du strikkar vrangt). Om du berre vil ha vanleg glattstrikka hæl kan du heilt fint gjere det òg, men kanskje vurdere Ã¥ strikke den nokre pinnar kortare. NÃ¥r du har strikka ferdig hællappen skal du snu. Strikk rett til det er 9 masker igjen pÃ¥ pinner, strikk sÃ¥ 2 saman og 1 rett. Snu og strikk vrangt til det er 9 masker igjen, strikk 2 saman og ein vrangt og snu. Strikk rett til du kjem til den siste maska du strikka i stad (det kjem til Ã¥ vere eit slags hakk mellom den og neste). Strikk den siste maska før hakket saman med den neste og strikk 1 rett. Følg dette prinsippet til det ikkje er masker igjen etter hakket, altsÃ¥ at du har strikka alle maskene vrangt bortover (totalt 8 pinnar). NÃ¥ skal du strikke rundt igjen. Strikk hælmaskene, plukk opp 13 masker i sida (1 i kvar kantmaske og ein i overgangen mellom hællappen og rista). Hald trÃ¥den pÃ¥ baksida og plukk opp masker, ikkje strikk direkte i maskene. Strikk dei 24 maskene pÃ¥ rista og plukk opp 13 masker pÃ¥ den andre sida av hælen.

Nå skal du begynne med mønster igjen. Sett av 9 maskar (gjerne med maskemarkør) mellom rista og hælmaskene/undersida av foten til å felle (kile). Eg har strikka med bakgrunnsfarge her, men det kan hende du finn ei betre løysing. Strikk til starten av kilen. Strikk 2 rett saman. Strikk resten av kilen og mønster til du kjem til neste kile. Strikk den rett til du kjem til dei siste to maskene. Ta 1 laust av som om du skulle strikka den, strikk 1 rett og dra den lause over. Strikk ein omgang utan å felle, men strikk den maska der du tok ein over vridd rett. Strikk annankvar omgang med å felle og ikkje felle til du har felt dei 9 kilemaskene og det er 48 masker på omgangen. Strikk nå til sokken blir passeleg lang, for meg var det 3 radar med badeand til, pluss 2 omgangar rett.

Nå skal du felle til tå. Pass på at det er 24 masker til oversida av foten og 24 til undersida. Fell først ein omgang og så strikk ein omgang vanleg 5 gonger. Fell slik: på slutten av undersida eller oversida strikkar du til det er 3 masker igjen på pinnen, strikk 2 masker rett saman og strikk den siste. På starten av oversida eller undersida strikkar du 1 rett, tar 1 laust av som om du skulle strikke den, strikk 1 rett og dra den lause maska over. På omgangane der du ikkje feller må du hugse å strikke den maska der du omgangen før drog ein over vridd rett. Når du har felt annankvar omgang 5 gonger skal du felle kvar omgang til det er 12 masker igjen på omgangen. Klipp tråden og dra gjennom maskene.

Strikk ein sokk til.

Leave a comment