NaNoWriMo dag 8: Ei byrjing

13879 / 50000 words. 28% done!

Og så var det den dagen eg fall gjennom ein magisk portal og hamna i ei anna verd. Det var ikkje ein av mine betre. Dagar, altså. Men, ja, portalar òg. Eg vil ikkje seie for mykje om kva eg gjorde før eg fall gjennom portalen, det er eigentleg ikkje viktig, det er ikkje det eg vil fortelje om, men la meg oppsummere det sånn: lite søvn, dårleg dag, stress, masse papir, høg dørterskel. Eg merka eigentleg ikkje noko før eg byrja å plukke opp papira på andre sida av døra. Eg forventa at sekretæren til sjefen skulle fnise, ho var akkurat typen, men ho gjorde ikkje det. Eg måtte verkeleg sjå meg rundt før eg fann ut at ho ikkje var der. Korkje ho, sjefen eller kontoret i seg sjølv var der. Der eg var i staden, var ei blomstereng. Problemet var, eller nok eit av alle problema eg allereie kunne tenkje meg, var altså at eg ikkje kjende igjen nokre av blomane. Eg skal ikkje aklle meg sjølv ein botanikar eller eingong ein hobbygartnar, men eg ser i alle fall rundt meg når eg er ute. Og alle desse blomane, sjølv om dei var vakre nok i seg sjølv, var heilt nye for meg. Eg meiner, vi har ikkje det beste klimaet for alt mogleg planteliv i Noreg, det er avgrensa kva blomar som gidd å vekse heilt for seg sjølv ute på ei eller anna blomstereng.

Fjernt unna kunne eg høyre ei dunking og eit pip. Dunket høyrdest ut som eit tog som køyrer over skinnekoplingar, og pipet hadde eg høyrd på film, det var eit damplokomotiv, eg var heilt sikker.

Eg snudde meg rundt, tenkte at eg berre skulle gå tilbake gjennom døra eg hadde komme ut av, tilbake på jobb, stresset og meiningsløysa var betre enn denne hallusinasjonen eller kva det no enn var, tenkte eg. Døra var der ikkje. På same måte måte som sekretæren, sjefen og kontoret berre var den der ikkje. Eg lurte på kva eg hadde snubla i. Eg såg etter. Det var ei rot, ei rot som høyrde til eit tre bak meg. Treet skugga for halve himmelen. Det hadde blå-turkise blad, som var ganske pene mot ein fiolett himmelvåning.

Eg rista på hovudet. Kva hadde eg drukke? Det måtte ha vore ein veldig spennande urt i den siste koppen urtete. Eg sat meg opp og venta på at det skulle gå over. Eg byrja å keie meg før det gjekk over.

Eg reiste meg opp og byrja å gå. Eg trur det var tidspunktet eg byrja å akseptere at eg var i ei anna verd. Hadde eg framleis vore på kontoret ville eg støtt på noko. Eg ville gått på ein vegg eller kopimaskin eller vasskjølar eller medarbeidar. Her var det berre blomane, treet og himmelen. Eg kom til eit lite skogholt. Vinden suste i trekronene på heilt same måten eg var van med, sjølv om lauva framleis var innan den blå og turkise sjangeren.

(Frå dagens skriving)

Leave a comment