2010 TK7

Denne teksten las eg i dag på Ordkalotten, litteraturfestivalen i Tromsø, saman med dei andre forfattarstudentane.

Eg eksisterte i Lagrange-punktet hennar. Bunden av tyngdekrafta, alltid i nærleiken, men aldri nær nok til at ho merka meg.

Eg kom inn i bana til Jorid då vi studerte saman. Vel, eg seier saman, vi studerte det same, sat i dei same bygga, dei same salane, høyrde dei same forelesingane. Eg merka henne, slik ein meteoride i rasande fart inn i atmosfæren merkar planeten. Å, for eit pent stjerneskot. Der var det borte.

Ho fanga meg inn. Ho visste det ikkje, men vi hadde dei same vennene, gjekk på dei same festane, las dei same bøkene.
Eg prøvde å komme meg vekk. Det var ikkje til å halde ut, å aldri komme nærare.

Jorid gjekk i bane rundt Solomon.

Ho spann om sin eigen akse, men det var han ho gjekk i bane rundt. Han hadde andre satellittar òg, men ho var spesiell, ikkje for nær, ikkje for fjern, ikkje for varm, ikkje for kald. Dei var perfekte saman. Han fekk henne til å blomstre. Ho gav meining til eksistensen hans.

Dei gjekk alltid rundt og lo saman. Det var ikkje irriterande, det var sjarmerande.

Eg drøymde om å komme meg vekk frå lyset hennar, å bli sett sjølv, for den eg var. Eg drøymde så mykje som ein liten, grå stein kan drøyme.
Ein dag kom redninga mi. Eg hadde sklidd litt vekk frå Jorid og Solomon, slik eg periodevis gjorde. Eg møtte Lovejoy tilfeldig. Eg gjekk aldri ut, aldri aleine, men den kvelden gjorde eg det, og han spanderte på meg. Eg syntest namnet hans var idiotisk, men han var hyggeleg, og det var viktigare, og enda viktigare var det at han ikkje kjende Jorid eller Solomon. Vi dansa, naut mørket og det svake stjernelyset.

Jorid kom inn i baren, Solomon følgde tett på. Eg prøvde å ikkje seie noko, men Lovejoy såg vel at noko var gale. Eg fortalde korleis dei ignorerte meg. Han gjekk bort til dei, sa noko til Solomon, Solomon slo han i ansiktet. Han tok nokre steg bakover, såg ut som at han skulle falle. Solomon slo han igjen, i magen, og Lovejoy verka mindre enn han hadde vore. Eg sprang bort, tok han i handa, og vi flykta.

Vi flykta langt, langt ut i mørket og kulda, der alt vi hadde av selskap var bakgrunnsstrålinga.

Du har ikkje høyrd om meg. Eg er ein tre hundre meter stor steinklump. Eg heiter 2010 TK7.

Leave a comment