GÃ¥ver til Hiro

Eg skal vere med å feire bursdagen til 6-åringen Hiro, og då må ein ha med gåver.

SÃ¥ eg fikk tak i noko catnip (eg kan jo ikkje noko om catnip, hadde aldri vore borti det før i dag, sÃ¥ det var mest jenta i butikken som sa: “Her, ta denne.”), og hekla nokre leikemus. Vel, dei ser meir ut som grisar, sÃ¥ vi fÃ¥r sjÃ¥ om bursdagsbarnet blir fornøgd.

Crocheted catnip toys Crocheted catnip toys

Bileta er forresten tatt med den nye mobilen min. Yay!

Leave a comment

Dag 5

634 / 10000 words. 6% done!

Eg er ikkje heilt bra, så dette går veldig sakte framover.


Eg tok til å vandre bortover stranda. Eg hadde fått ein walkman til bursdagen, så eg tok på meg hovudtelefonane og solbrillane og prøvde å sjå kul ut. Eg hadde mørke, store solbrillar, og eg trente meg sjølv på å bevege blikket utan å bevege hovudet, så ingen andre skulle sjå kva eg såg på. På den måten gikk eg og såg på alle jentene i bikini som solte seg og smørte kvarandre inn med solkrem.

Leave a comment