Day 26 → Your week, in great detail
Laurdag 5. juni
Det var fint vêr. Eg satt ute i parken og las fransk. Ola var i Italia, så eg var heilt aleine. Eg klarde ikkje å smøre meg på ryggen, så eg vart solbrent. Las vidare på sofaen inne. Var òg sliten og demotivert av lesinga.
Sundag 6. juni
Det var fint vêr sundag òg, så eg sat i parken med bok og PC. Rundt klokka tre kjøpte eg jordbær på Sultan og gav meg i veg mot St. Hanshaugen, der sommaravslutninga til SmiO skulle vere. Eg grilla og koste meg med dei. Eg drog heim ganske tidleg for å lese til fransken, men eg fikk ikkje lest så mykje. Pakka matpakke.
MÃ¥ndag 7. juni
9:00 Eksamen i gymsal 1 i Idrettsbygningen på Blindern. Gikk 10:15 etter å ha ete ei brødskive og sjekka over svara mine. Gikk ned på Akademika for å bruke gåvekortet eg fikk for å bruke masse masse pengar på pensum der, men det hadde allereie gått ut (31. mars, faktisk. Dust). Kjøpte brevpapir med jordbær på uansett. Sat meg på internett på Sophus Bugge. Åt lunsj med Mamma i Messa på Marienlyst 12:00. Møte med Stephan ca 14 om jobb. Heime litt etter 15, såg Doctor Who med Axel. Drog heim til Asker på middag. Det var tacos. Mamma køyrde meg heim saman med trombonen og symaskina, som eg har fått låne. Syddde.
Tysdag 8. juni
9 på skrivarstova. Middag på hydna (Tandoori Corner eller noko liknande på Grønland) litt etter fem. Sentralstyremøte 18:10. 19:15 sneik Ulrikke og eg oss ut og heim. Såg Top Gear til Ulrikke måtte ta siste bana heim.
Onsdag 9. juni
Møtte Kristian litt etter ni på Stortorget, me henta posten. Så sykla me ned til skrivarstova saman. Klokka 13 var Eva og eg på statsstønadkurs. Eg drog ned på skrivars igjen for å hente sykkelen. Fri på kvelden, så eg sydde litt. Eg treng ordentleg kvit tråd, har ikkje fått kjøpt det enno.
Torsdag 10. juni
9 på skrivars igjen. 13 på Rikshospitalet for å få påhekta ein hjartelydopptakar. Den skulle eg ha på i 24 timar. Tilbake på skrivars. Mange kommentarar på opptakaren. Tok bussen til Leangbukta og møtte Janne. Me var på fantastisk jolletur, sjølv om både jolla og motoren har det litt tungt på sine eldre dagar. Me kom oss til Kråkholmen, der åt me scones og kylling og filma gal svale. I Vollen hadde bensinstasjonen stengd, så me fikk ikkje kjøpt is. Me var i hamn ca 22:20, gikk saman til Hvile, og ende opp med å planleggje tur til Håøya i ein halvtime, så det ikkje var så lenge igjen til bussen kom. Var heime rundt midnatt.
Fredag 11. juni
9 på skrivarstova, ingen var der. Kristian og Eirik og eg hadde ein fin dag. Kom heim i regnet, åt litt, gikk på fantastiske Evig ung på Det norske teatret. Plutseleg vert det ikkje så ille å verte gammal.
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy