Day 25 → Your day, in great detail
Eg skuldar på Målungdomen for at eg gløymde det i går.
Dagen min i dag.
7:30 Vekking. Sovna.
8:05 Våkna, såg på klokka, skvatt.
8:08 Stod opp, gjorde meg klar til å gå.
8:40 Tok trikken til skrivarstova (den var veldig full).
9:05 Kom på jobb. Var aleine på jobb. Fikk ikkje logga på datamaskina.
Kristian kom på jobb, og via sms fikk eg logga meg på Evas brukar.
Gjorde ulike NMU-relaterte ting.
11:30 Lunsj med kviss.
Jobba meir. Var litt udugeleg.
12:57 Heidi ringde. Me prata ABMU.
13:45 Tok av hjartelydopptakaren. Putta den i konvolutt. Gikk til postkassa.
Ringde folk og gjorde meir og mindre jobbaktige ting.
15:30 Eva og Kristian drog for å sjå på fotball.
ca 16 Gikk på Grønland Basar og kjøpte ei av ARA2121-bøkene.
ca 16:30 Tok på meg regntøy, spende eska med ABMU-t-skjortene bakpå sykkelen og sykla heim.
17:20 Ferdig i dusjen, åt litt og såg på Top Gear.
19:10 Tok trikken i regnet. Månadskortet mitt gikk ut i går, så eg måtte stemple eit flexikort. Det var frå 2009 og gått ut på dato, så eg trur det er bra eg har brukt det opp.
19:40 Møtte Anne og andre på Det norske teatret.
19:50 Janne kom.
20:00 Evig ung.
22:20 På Kiwi i Møllergata på veg heim. Eg gikk første delen av vegen saman med Janne, ho sit i målpolitisk råd og får to gratisbillettar til kvar framsyning, så eg sa eg ville gå med henne.
23:40 Har ete to brødskiver til, har prata med Ola, og skal snart leggje meg.
Day 26 → Your week, in great detail
Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy