PÃ¥ tur i Andunge

Janne og eg drog ut på fjorden sundag 20. juni.

I byrjinga hadde me ein vind frå søraust (cirka), så me kryssa austover (cirka), tenkte på Steilene. Me gav opp det, og drog berre sør utover fjorden. Så dreide vinden igjen, og me drog inn mot land for å bade og vente på at den dreide meir. Så kom vindstilla. Me bada. Så byrja me å padle mot Børsholmen.

Eit stykke før Vollen vart me plukka opp av ein stor Jeannau med masse jenter og ein pappa om bord. Så kom me oss inn likevel.

Så grilla me på Tangen.

Hekken på Andungen

Meg

Janne

Marshmallows på grillen

Me hadde duk og alt

Her er settet på Flickr

2 Comments

Kraner på Tjuvholmen

Eg var visst skikkeleg dårleg på å vise eit bilete om dagen.

Kraner på Tjuvholmen

Leave a comment

Dishes in the window

At Alexander’s in Edinburgh.

Dishes in the window

Leave a comment

30 days: (30) kva eg vil

Day 30 → Whatever tickles your fancy

I dag er siste dagen med dette memet. Det er rart, det er fint og det er litt trist. Eg har eigentleg lika å poste noko kvar dag. Særleg bilete. Kanskje eg skal gjere det i juli, kvar dag eg har internett skal eg poste eit bilete? Eg likar den ideen. Kanskje resten av juni og så heile juli. Men eg veit ikkje kor mykje internett eg faktisk kjem til å ha. Så eg veit ikkje kor lur ideen faktisk er.

Konklusjon: eg legg ut eit bilete kvar dag i juni. Evaluering på slutten av månaden.

For dagens “kva eg vil”: Ã¥ sitje pÃ¥ kafé og skrive.

Writing at café

Leave a comment

Planar for pengane eg får tilbake på skatten

Eg får ca. 14 000.

Leige juni og juli: ca. 11 000.
Tom McRaes CD: ca. 150 kr (kva kostar eigentleg CD-ar om dagen?)
Valkyrien Allstars CD: ca. 150 kr
Abonnement på Doctor Who Magazine: 900 kr
Båtførarbevisduplikatgebyr: 310 kr

= 12 510 kr

Då har eg 1 500 å leve på. Men eg skal berre klare meg fram til 6. juli.

Det eg gløymde var ost. Eg trur ikkje Ola kjem til å kjøpe ost. Så då må eg kjøpe ost når eg får tilbake pengar på skatten. Eg gler meg. Mange ting vert betre med ost.

1 Comment