NaNoWriMo dag 8: Ei byrjing

13879 / 50000 words. 28% done!

Og så var det den dagen eg fall gjennom ein magisk portal og hamna i ei anna verd. Det var ikkje ein av mine betre. Dagar, altså. Men, ja, portalar òg. Eg vil ikkje seie for mykje om kva eg gjorde før eg fall gjennom portalen, det er eigentleg ikkje viktig, det er ikkje det eg vil fortelje om, men la meg oppsummere det sånn: lite søvn, dårleg dag, stress, masse papir, høg dørterskel. Eg merka eigentleg ikkje noko før eg byrja å plukke opp papira på andre sida av døra. Eg forventa at sekretæren til sjefen skulle fnise, ho var akkurat typen, men ho gjorde ikkje det. Eg måtte verkeleg sjå meg rundt før eg fann ut at ho ikkje var der. Korkje ho, sjefen eller kontoret i seg sjølv var der. Der eg var i staden, var ei blomstereng. Problemet var, eller nok eit av alle problema eg allereie kunne tenkje meg, var altså at eg ikkje kjende igjen nokre av blomane. Eg skal ikkje aklle meg sjølv ein botanikar eller eingong ein hobbygartnar, men eg ser i alle fall rundt meg når eg er ute. Og alle desse blomane, sjølv om dei var vakre nok i seg sjølv, var heilt nye for meg. Eg meiner, vi har ikkje det beste klimaet for alt mogleg planteliv i Noreg, det er avgrensa kva blomar som gidd å vekse heilt for seg sjølv ute på ei eller anna blomstereng.

Fjernt unna kunne eg høyre ei dunking og eit pip. Dunket høyrdest ut som eit tog som køyrer over skinnekoplingar, og pipet hadde eg høyrd på film, det var eit damplokomotiv, eg var heilt sikker.

Eg snudde meg rundt, tenkte at eg berre skulle gå tilbake gjennom døra eg hadde komme ut av, tilbake på jobb, stresset og meiningsløysa var betre enn denne hallusinasjonen eller kva det no enn var, tenkte eg. Døra var der ikkje. På same måte måte som sekretæren, sjefen og kontoret berre var den der ikkje. Eg lurte på kva eg hadde snubla i. Eg såg etter. Det var ei rot, ei rot som høyrde til eit tre bak meg. Treet skugga for halve himmelen. Det hadde blå-turkise blad, som var ganske pene mot ein fiolett himmelvåning.

Eg rista på hovudet. Kva hadde eg drukke? Det måtte ha vore ein veldig spennande urt i den siste koppen urtete. Eg sat meg opp og venta på at det skulle gå over. Eg byrja å keie meg før det gjekk over.

Eg reiste meg opp og byrja å gå. Eg trur det var tidspunktet eg byrja å akseptere at eg var i ei anna verd. Hadde eg framleis vore på kontoret ville eg støtt på noko. Eg ville gått på ein vegg eller kopimaskin eller vasskjølar eller medarbeidar. Her var det berre blomane, treet og himmelen. Eg kom til eit lite skogholt. Vinden suste i trekronene på heilt same måten eg var van med, sjølv om lauva framleis var innan den blå og turkise sjangeren.

(Frå dagens skriving)

Leave a comment

Amygdala

Så, eg heiter Amygdala. Eg veit. Eg trur foreldra mine prøvde å gå for Amidala, dei såg visst Star Wars på eit tidspunkt, eller kanskje Amélie, dei såg den òg. Dei såg nok meir film enn dei las bøker, i alle fall. Men ein kan ikkje gå rundt og kalle seg Amygdala, det berre går ikkje, så eg plar å kalle meg sjølv Amie. Du veit, fransk for venn. Det må då vere eit innbydande namn? Folk flest går for det engelske Amy. Og det funkar vel, det.

Leave a comment

NaNoWriMo: Dag 3

7567 / 75000 words. 10% done!

Dette går berre akkurat passe bra.

Sjølv Guri hjelper til.


“Kanskje det er den vonde tvillingen din,” sa Espen og lo.
Eg lo òg. “Sjølvsagt har eg ein vond tvilling. For eg gjer ikkje nok skade på eiga hand.”
“Du gjer ikkje det,” sa Samuel. “Du går berre rundt og nynnar og er elskbar.”
“Å, herregud,” sa eg. “Aldri sei noko sånt om meg igjen. Elskbar!”
“Du er ganske søt, då,” sa Samuel.
Og så blei alle plutseleg heilt stille. Var han framleis forelska i meg? Han kunne ikkje vere det. Det kunne ikkje vere sant. Det burde vere flatterande, kanskje, men det var meir forferdeleg.

Leave a comment

2010 TK7

Denne teksten las eg i dag på Ordkalotten, litteraturfestivalen i Tromsø, saman med dei andre forfattarstudentane.

Eg eksisterte i Lagrange-punktet hennar. Bunden av tyngdekrafta, alltid i nærleiken, men aldri nær nok til at ho merka meg.

Eg kom inn i bana til Jorid då vi studerte saman. Vel, eg seier saman, vi studerte det same, sat i dei same bygga, dei same salane, høyrde dei same forelesingane. Eg merka henne, slik ein meteoride i rasande fart inn i atmosfæren merkar planeten. Å, for eit pent stjerneskot. Der var det borte.

Ho fanga meg inn. Ho visste det ikkje, men vi hadde dei same vennene, gjekk på dei same festane, las dei same bøkene.
Eg prøvde å komme meg vekk. Det var ikkje til å halde ut, å aldri komme nærare.

Jorid gjekk i bane rundt Solomon.

Ho spann om sin eigen akse, men det var han ho gjekk i bane rundt. Han hadde andre satellittar òg, men ho var spesiell, ikkje for nær, ikkje for fjern, ikkje for varm, ikkje for kald. Dei var perfekte saman. Han fekk henne til å blomstre. Ho gav meining til eksistensen hans.

Dei gjekk alltid rundt og lo saman. Det var ikkje irriterande, det var sjarmerande.

Eg drøymde om å komme meg vekk frå lyset hennar, å bli sett sjølv, for den eg var. Eg drøymde så mykje som ein liten, grå stein kan drøyme.
Ein dag kom redninga mi. Eg hadde sklidd litt vekk frå Jorid og Solomon, slik eg periodevis gjorde. Eg møtte Lovejoy tilfeldig. Eg gjekk aldri ut, aldri aleine, men den kvelden gjorde eg det, og han spanderte på meg. Eg syntest namnet hans var idiotisk, men han var hyggeleg, og det var viktigare, og enda viktigare var det at han ikkje kjende Jorid eller Solomon. Vi dansa, naut mørket og det svake stjernelyset.

Jorid kom inn i baren, Solomon følgde tett på. Eg prøvde å ikkje seie noko, men Lovejoy såg vel at noko var gale. Eg fortalde korleis dei ignorerte meg. Han gjekk bort til dei, sa noko til Solomon, Solomon slo han i ansiktet. Han tok nokre steg bakover, såg ut som at han skulle falle. Solomon slo han igjen, i magen, og Lovejoy verka mindre enn han hadde vore. Eg sprang bort, tok han i handa, og vi flykta.

Vi flykta langt, langt ut i mørket og kulda, der alt vi hadde av selskap var bakgrunnsstrålinga.

Du har ikkje høyrd om meg. Eg er ein tre hundre meter stor steinklump. Eg heiter 2010 TK7.

Leave a comment

Statusrapport

Dagar på tur: 8
Kilometer reist (i luftline): 3639
Av dei med tog: 1118

Ting gløymd: bikini, riktig ladar til tablet, spork, solbriller
Ting mista: øyrepluggar (på flytoget/Gardermoen)

Byar besøkt: 4
Kontinent: 2

Netter på tog: 3
Kranglar med konduktørar: 3

Tal på vassblemmer under føtene: 3
Tal på museum besøkt: ca 8
Tal på kyrkjer besøkt: mange
Tal på bilete tekne: ca 470

Største problem så langt: hugse å ete
Twix fortærte: ca 10
MÃ¥ltid/alkoholinntak med folk eg ikkje kjenner: 3

Noverande by: Budapest
Neste mål: Venezia
Tal på tog for å komme dit: 4
Timar for å komme dit: 14
Kjensle no: sliten. Glad for å sove i seng

Leave a comment