Scener frå Laayoune

Desse bileta er dei finaste eg tok i Laayoune.

Market in Laayoune
Dette er ein marknad vi tilfeldigvis dumpa innom.

Workers in Laayoune
Her er nokre bygningsarbeidarar.

Jeweller in Laayoune
Denne mannen stengde butikken etter at vi dro. Han hadde tydelegvis seld nok.

Sunset in Laayoune
Sola går ned i utkanten av Laayoune.

Leave a comment

Mariusgenser til Eva

Mariusgenseren er òg ferdig. Masse masse montering. Sy, klippe, dampe, stryke, sy og sy.
Mariusgenser

Mariusgenser

Mariusgenser til Eva
Eg sydde på ein liten namnelapp. Sjølv om broderiet ikkje blei spesielt pent.

No ventar eg berre på at ho skal hente den.

2 Comments

Danielstrikk

Eg har lese masse strikkebloggar i det siste, så eg tenkte eg skulle vise fram noko av det eg har strikka i det siste.

Først strikka eg ei bukse i patentstrikk til Daniel. Eg ringde Mamma og spurde kva ein eittåring trong, og det var det ho svarte. Dette er den einaste oppskrifta eg fann på garnstudio for patentbukse.
CIMG4685

Så fann eg kjekkasgenseren på pickles, og berre måtte strikke den.
Kjekkasgenser

Og så fann eg ut at eg skulle eit par vottar som han nok kan vekse inn i.
Mann- og konevottarMann- og konevottar
Det er ikkje så lett å sjå her, men det er altså ein mann og ei kone på vottane.

Leave a comment

Ut og redde kongen

“Ut og redde kongen” var den siste historia eg skreiv under NaNoWriMo i Ã¥r.

Den er skriven av fingrane og undermedvitet mitt, eg har ikkje personleg vore innom. Difor er det mykje rart som skjer her.

Sidan eg ikkje har tenkt å redde denne forteljinga, kan de få lov til å lese den som den er.

Ã…tvaring: skrivefeil og logiske bristar

Leave a comment

Dag 30

Sidan eg ikkje har noko NaNoWriMo å blogge om i dag, tenkte eg at eg kunne vise fram appelsinjulekalenderen eg har laga til meg sjølv.

Her byrjar eg å putte nellikspiker inn i appelsinen. Eg har hatt dei sidan eg budde i Trondheim, trur eg. Eg har tatt dei fram ein gong i mellom og lukta på dei. Dei luktar jul.

Her er det fleire spiker i.

No er alle inne. Eg prøver filteret “depth of field” pÃ¥ mobilkameraet mitt.

Og her har eg funne eit fint band og hengt opp appelsinen i vindauget, og prøver eit nytt filter på kameraet.

SÃ¥, god advent, eller noko!

Leave a comment