Writing

Prosjektet: 7

Nok ein gong ønskte ho at ho kunne gå tilbake i tid og sørge for at ho aldri hadde gifta seg med Ragnar. Han hadde vore så romantisk, og ho hadde ikkje visst om dei politiske syna hans, så då han fridde hadde ho ikkje visst at ho skulle seie nei. Dei hadde vore på konsert med symfoniorkesteret, og Ragnar hadde gått opp på scena i pausen og fått en av cellistane til å spele yndlingssongen hennar, og spurd så heile salen høyrde det. Ho kunne jo ikkje sagt nei då.

Så no var ho her, tok p-pillar i smug, så ho i alle fall hadde ein teoretisk sjanse for skilsmisse. Ho følgde draumen sin, men visste at det var håplaust.

Det slamra i ei dør. Møtet til Ragnar måtte ha blitt ferdig tidleg, eller så var ho altfor sein. Det glitra framleis av golvet, ei biverknad av magien, som til vanleg gav seg etter ein halvtime eller så. Han kunne ikkje sjå det. Ho byrja raskt å messe eit formular, eit som skulle endre utsjånaden, men det gjorde berre effekten verre. Hendene hennar var fulle av auser og kjelar. Ho hadde hjartet i halsen, mista oversikta over alt ho dreiv med. Ei sleiv smurde saus utover golvet. Ein kniv laga eit stort hakk, berre nokre centimeter frå tærne hennar.

“Ragnar?” sa ho spakt.

“Mira! Det luktar godt!”

Han hadde ikkje sett noko enno. Alt var over, ho visste det. Om han ikkje drap henne ville han i alle fall sende henne bort. Bort til dei skumle tantene hans på landet, tanter som nekta å flytte vekk frå udyra. Eller kanskje til eitt av dei religiøse programma han hadde donert til, som lova at dei kunne fjerne alle spor av magi frå ein person.

Ho kunne ikkje miste magien, eller byen.

Skritta hans kom nærare. No var han i stova. Ho klarte ikkje å snu seg og sjå på han, men ho høyrde på skritta hans at han hadde sett det.

“Mira? Kva er dette?” Stemma hans tordna, gjalla mellom veggane.

Alle musklane i kroppen hennar var hardt knytte saman. Ho kunne ikkje røre seg.

“Men sÃ¥ sei noko, kvinne!”

Sakte snudde ho seg rundt. Ansiktet hans var grufullt Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥. Ingen spor etter den mjuke, følande mannen ho hadde forelska seg i var igjen. “Ragnar, eg kan…”  Ho fekk seg ikkje til Ã¥ seie at ho kunne forklare, for det kunne ho ikkje.

“Eg hatar deg,” sa han, bøygde seg raskt for Ã¥ hente kniven ho hadde mista før.

Eggen kom mot henne, det var det einaste ho kunne sjå, og ho skreik noko, visste ikkje kva, og kniven kom aldri.

Ho opna auga. Ragnar låg I ein ekkel haug på golvet. Han pusta ikkje. Ho strekte ei dirrande hand mot halsen hans, kjende etter puls. Han var daud.

Ho la seg ved sida han, inntil han, kjærleg som dei ikkje hadde vore på år, og gret.

Leave a comment

Prosjektet: 6

Mira pusla rundt leilegheita med ei støvkost. Om ho kunne bli ferdig med å vaske og setje på middagen på ein halvtime ville ho framleis rekkje timen til professor Vu. Sjølvsagt var det for lite tid. Ho kviskra eit lite formular for å få alle overflatene til å sjå blanke og skinande ut. Ragnar ville drepe henne om han fann ut at ho brukte magi heime. Ho hadde ikkje eigentleg sagt til han at det var det ho lærte på universitetet, ho hadde vel gitt han oppfatninga at ho meir lærte om magi, enn at ho faktisk lærte magi.

Ragnar meinte at magi var giftig, at den ville smitte einkvar som brukte den og gjere dei giftige òg.

Leave a comment

Prosjekt: 5

Prins Artur sukka. Faren hans burde innsjå at timane til professor Vu var for avanserte for han. Alle verdas privatlærarar ville ikkje gi han betre magiske evne. Han var lei av å vere den dårlegaste i klassen, men så beskytta at ingen kunne vite det.

Han satt i palassets arbeidsrom. Det var kvite, tjukke murvegger og eit kraftig trebord, ikkje anna. Kvart slektsledd av forfedrane til Artur hadde lært magien sin her.

“Korleis gÃ¥r det?” Privatlæraren kom inn igjen, med to koppar te, lÃ¥ste døra etter seg.

“Det er hÃ¥plaust.” Han dytta tekstbøkene pÃ¥ golvet sÃ¥ det flagra i gamle sider og lause notatark.

“SÃ¥ ille er det vel ikkje? Lag eit lys.”

Han mumla formularet for ei lita lyskule. Det gikk ikkje.

“Ordentleg.”

Han sang orda. Ein av dei tidlegare lærarane hans hadde fortald han at det var den beste måten å fokusere orda på.

Ein liten ball dukka opp over handa hans. Den skein med eit flikrande gult lys, så svakt at det såg ut som at den ville slokke fleire gonger.

“Ser du ikkje? Eg kan ikkje. Eg kan ikkje gjere magi. Eg kan ikkje bli konge.”

“Men prins…”

Artur var allereie på veg ut gjennom døra.

Leave a comment

Prosjektet: 4

Irina nærast kasta seg dei siste metrane til hòleopninga. Bjørnane var like i hælane på henne, men ho hadde sett opp forsvarsverk vovne saman av magi og sølv. Ho rakk akkurat å spenne dei for, og den fremste bjørnen bråstoppa, nesten komisk.

Ei låg summing og krasling starta bak henne, og lyslarvane som hang frå taket tende bakkroppane sine og kasta eit blåleg lys.

“Takk,” sa ho og smilte litt. Ho budde pÃ¥ den vakraste plassen i heile verda.

Bjørnane utanfor glefsa og snerra. Dei kom til å vere der resten av natta, så ho kunne like godt gå lenger inn i hòla.

Ho hadde budd der i to år, hadde innreidd ein fin soveplass på eit platå ovanfor vatnet som rann over golvet. Det einaste mementoet ho hadde frå familien var eit raudt silkesjal, det låg under puta ho hadde laga av andedun ho hadde samla sommaren før. Ho tak det fram, let det gli glatt mellom hendene sine. Nokre bokstavar var brodert på i gull, men ho kunne ikkje lese, så ho visste ikkje kva dei tydde. Imellom var ho bekymra for at ho skulle gløyme korleis ein snakka òg, det var sjeldan ho såg andre folk, og ho gøymde seg stort sett for dei ho såg. Dei reagerte som om ho òg var ein hamløypar.

Det gikk ei stund før ho merka kor stille det hadde blitt. Bjørnane var borte. Ho gikk opp til sølvporten. Ingen spor av dei. Dei måtte ha blitt tiltrekte av noko anna. Det skulle ikkje vere noko som skulle tiltrekkje dei ute i skogen etter mørket fall.

Ho måtte undersøkje.

Leave a comment

Prosjektet: 3

Anneli såg ut vindauget på skydottane som sakte svevde forbi. Ho klarte ikkje å konsentrere seg. Frå etasjen under høyrde ho foreldra krangle. Igjen. Ho skulle så gjerne flytta då ho byrja på universitetet, det var heilt på den andre sida av byen, men med den vaksande populasjonen av udyr der ute var innflyttinga til den trygge sida av bymurene større enn nokon gong, og ho hadde ikkje råd. Kvifor hadde ho utsett denne øvinga så lenge? Ho gjorde det kvar veke, og kvar gong sat ho ettermiddagen og kvelden og sleit. Professor Vu godtok ikkje at nokon av studentane hans kom utan å vere førebudd, og ho kunne ikkje gå glipp av ei førelesing. Stoffet var vanskeleg nok som det var.

I staden for å flytte ut hadde ho fått faren sin til å byggje ei lita leilegheit på taket. Ho hadde alt ho trong: ei seng, eit skrivebord, eit enkelt bad, og nokre skap. Vatn og eld kunne ho skape sjølv, det hadde ho lært allereie på ungdomsskulen.

Det var umogleg å konsentrere seg. Ho skulda på bråket, men visste eigentleg at det var noko anna som låg bak det. Likevel bestemde ho seg for å gå ein tur, frisk luft ville hjelpe, og når ho kom tilbake ville dei ha gitt seg. Då ville småsøskena hennar ha komme heim frå skulen, og krangling ville ikkje vere på tale.

Ho slang på ein cape over kjolen og ei enkel kyse, og klatra ned stigen til ho stod på fortauet framfor huset. Av ein eller annan grunn tok ho vegen mot skogen. Det var tryggare i sollyset, men ikkje så trygt at ein burde gå ut om ein ikkje hadde ein grunn til det.

Noko drog henne til seg. Ho forstod det ikkje før ho var langt ute i skogen og dei lyse, lette skyene ho hadde sett på samla seg til dei skapte eit tussmørke.

Ingen grunn til panikk, tenkte ho til seg sjølv, men kunne ikkje snu og gå tilbake likevel. Ho famla i skjørtelommene etter mobilen, men den var ikkje der. Føtene hennar leidde henne djupare og djupare inn blant trea.

Leave a comment