Writing

Prosjektet: 12

Irina kviskra eit formular som gjorde at vaktene på bymuren ikkje ville leggje merke til henne. Ho hadde byrja å vurdere om ho skulle flytte inn i byen, særleg etter at ho jenta blei angripen. Det var ikkje trygt i skogen lenger.

Men ho måtte sjekke kva ho eventuelt flytta til. Reglar og konformitet, det visste ho, men ho ville vite korleis det såg ut. Murene var så høge, ho kunne ikkje sjå over dei, sjølv om ho hoppa. Ho kunne bruke magi, men sjansane var store for at det ville bli observert. Då kunne dei komme og finne henne i skogen, ta henne med til byen, setje henne i fengsel, til og med, kanskje.

Ho gjorde det likevel. Eit dusin eller så stavingar, og ho hadde ei usynleg plattform under føtene, ei plattform som steig sakte og tok henne opp i lufta. Ho prøvde å ikkje sjå ned, ikkje sjå på kroppen sin som ikkje var der, og bakken som blei lenger og lenger unna.

Folk i kjolar og frakkar, alle med hattar, nokre høge og rette, nokre runde og svarte, nokre av mjukt stoff og nokre av strå, som hasta fram og tilbake. Mange av dei hadde små lysande firkantar i hendene.

Husa stod tette og høge. Alt var grått, av stein, av skit.

Ho fikk plattforma til å gå ned igjen. Ho hadde sett nok.

Ei kvinne rei ut av byporten. Ho såg bort mot Irina, men sa ikkje noko. Ho hadde på seg ein kjole i raudt stoff, og kvit kappe, og vaktene bukka for henne.

Det var rart at dei ikkje stoppa henne, syntest Irina, det var ikkje lenge til solnedgang.

Det minte henne på å springe tilbake til hòla si.

Leave a comment

Prosjektet som verkeleg treng eit namn: 11

Ein summelyd kom frå veska til Artur. Han hadde slengt den frå seg på golvet då han kom heim frå forelesinga. Han hadde dratt, han hadde ikkje så mykje val, men han nekta å gjere leksene eller øve meir.

Summelyden blei høgare. Det var sant, han hadde fanga den humla. Han opna eit vindauge for å sleppe den ut, men den flaug inn i rommet igjen, som om den ikkje ville ut. Den flaug i sirklar framfor han, ikkje som insekt pla gjere i det heile tatt.

“Kva er det, vesle humle?” sa han høgt, tok seg i det, sÃ¥g seg rundt, men heldigvis var han aleine.

Humla stoppa, hang stille i lufta, som om den forsto kva han sa.

Han sette seg ved skrivebordet, opna ei gammal bok han hadde henta frå biblioteket, vonaleg utan at nokon såg han. Humla følgde etter. Han ville lese om familiehistoria, finne ut om dei alltid hadde vore magiske monarkar.

Humla summa langs linene i boka medan han las.

“Det er nesten sÃ¥ du forstÃ¥r kva som er skrive,” sa han, og blei flau igjen, sjølv om det ikkje var nokon der.

Den flaug opp så den hang framfor ansiktet hans, dyppa ein gong, nesten som om den nikka.

“ForstÃ¥r du kva eg seier?”

Den dyppa igjen. Ned og opp igjen.

“Fly opp.”

Den flaug omtrent tjue centimeter opp, hang der nokre sekund, kom ned igjen.

“Du mÃ¥ vere magisk.”

Den byrja å virre frenetisk rundt.

“Vent, eg forstÃ¥r ikkje.” Den stoppa. “Er du eigentleg eit menneske?”

Den dyppa igjen.

“Er du nokon eg kjenner?”

Og igjen. Og igjen, til den nærast ramla overende og landa på boka.

Leave a comment

Prosjektet: 10

Mira hadde ikkje ete, ikkje sove, ikkje forlate leilegheita siden ho drap Ragnar. Ho hadde vaska alt fire gonger, alt utanom der kroppen hans låg, hadde vaska i ein sirkel rundt det. Kvifor ho vaska sånn visste ho ikkje, ho berre følte at ho måtte. Ho hata det framleis.

Ho skvatt av ein ringelyd. Mobilen til Ragnar hadde til slutt gått tom for straum, ho hadde ikkje orka å strekke seg over liket hans og leite i lommene hans for å finne den og skru den av. Denne gongen var det hennar. Anneli, ei jente frå professor Vus timar.

“Hei,” sa ho, som om ingenting hadde skjedd.

“Kva er det?” sa Mira, og sjølv om ho prøvde klarte ho ikkje Ã¥ halde frykten ute av stemma.

“Mira, kva er det?”

“Ingenting, kva ville du?”

“Eg ville eigentleg berre høyre om du ville bli med i den nye kollokviegruppa mi.”

“Har ikkje du ei med han der prinsen?”

“Jo, men det gÃ¥r ikkje sÃ¥ bra, om eg kan vere ærleg med deg. Det er difor eg vil starte ei ny.”

“Ã….” Ho sette seg pÃ¥ ein av kjøkenstolane, drog skjørta opp rundt seg, prøvde Ã¥ tenkje ut eit svar gjennom tÃ¥ka. “Det passar ikkje sÃ¥ godt no.”

“Eg meinte ikkje i dag, berre sÃ¥nn generelt.”

Kvifor ville ho ikkje gi seg?

“Kanskje,” sa ho, klarte ikkje Ã¥ formulere eit betre svar. Ragnar var aldri sjuk, han var pÃ¥ jobb kvar dag, dei mÃ¥tte sakne han no. Det kunne ikkje vere lenge til dei kom heim til henne for Ã¥ leite etter han.

“Ok, gi meg eit svar snart, dÃ¥,” sa Anneli.

Ho orka ikkje å ta på liket eingong, men ho måtte flytte det før nokon kom.

“Hæ?”

Elles kunne ho rømme. Det burde vere mogleg å ta seg gjennom skogen til neste by utan å møte varulvar, særleg for ein magikar. Ein halvtrent magikar. Ein som ikkje hadde sove, og som ikkje visste vegen.

“Mira, er noko gale?”

Ho klarte ikkje å halde det inne lenger, ho starta å gråte.

“Berre vent litt, eg kjem bort til deg.”

Mira la raskt på, men det var altfor seint. Ho gikk bort til liket, tok ein fot, prøvde å dra det over golvet. Skoen falt av, han var altfor tung for henne.

Ho gikk inn på soverommet og venta på at Anneli skulle komme.

Leave a comment

Prosjektet: 9

Brede summa inn i auditoriet. 

Han ville ikkje gå glipp av ei førelesing, sjølv om professor Vu ikkje ville skrive han opp på lista over dei som var til stades.  Utdanninga hans ville gå vidare, sjølv om han var ei humle. Han skulle bli den høgst utdanna humla i heile kongeriket.

Og kanskje han ville få eit hint om korleis han skulle bli ein mann igjen.

Batteriet hadde ladd seg opp nok til at han kunne bruke energien til omvandlinga, men han rakk ikkje med dei nye, korte lemmene sine mellom leiarane. Ingen kontakt tydde ingen energi.

Ein medstudent slo etter han. Humlesansane hans gav han god åtvaring, så han var langt unna der ho ville ha treft han.

Han måtte nærare tavla for å høyre, humla høyrde ikkje så godt som han hadde gjort som menneske.

“Kvar er Brede? ” sa Marek, som pla sitje ved sida av han.

Eg er her! Brede forsøkte å rope det, men humla hadde ikkje stemmeband eller tunge.

Han flaug nokre rundar rundt hovudet til Marek, men blei berre slått halvhjarta etter.

Klassen slo seg til ro, og professor Vu kom inn i rommet. Han hengte frakken sin på stumtenaren, la kofferten på kateteret, og plukka eit stykke krit frå skuffen.

“I dag,” sa han, pÃ¥ same mÃ¥te som alltid, “skal vi diskutere omvandling vidare.”

Brede klarte ikkje å halde seg i ro, men flaug eit par rundar i lufta.

Kva som skjedde så fekk han ikkje med seg. Det blei svart rundt han, og veggane var tronge.

Han var i ei fyrstikkeske.

Leave a comment

Prosjektet: 8

Anneli lukka auga og venta på slutten. Varulvane hadde fått glefsande selskap av tre mannbjørnar, store som hus og med intelligensen til born. Ho kjende nesten dei sylskarpe tennene. Capen hadde ho mista, så den lyse huda hennar måtte vere veldig freistande for beista.

Eit hyl skar gjennom skogen. Først trudde ho det var hennar eige, at det var daudsskriket hennar. Men stemma hennar var stille. Så trudde ho det var ein av ulvane, men ingen ulv kunne lage den lyden.

Ei jente braste gjennom underskogen. Ho var så vidt kledd i noko skinnfellar, dei hadde sklidd så det eine brystet hennar var synleg. Ho veiva med armane, gjorde seg stor, og ein magisk aura lyste kring henne.

Dei fleste av ulvane og ein av bjørnane flykta.

“Har du sølv?” kveste jenta.

Anneli byrja å leite med fingrane rundt halsen. Hadde ho tatt på amuletten i dag? Hadde den blitt riven av medan ho sprang?

Korleis det enn hang saman spelte ikkje så mykje rolle, ho hadde den ikkje.

Ho rista på hovudet.

Udyra var opptekne med jenta. Ho leidde den lenger og lenger vekk frÃ¥ Anneli, byrja Ã¥ synge eit formular. Det var ikkje eit Anneli kjende, sølv forma var framand, men ho fikk ikkje med seg innhaldet, ho kravla seg pÃ¥ beina og dÃ¥ jenta sa “Spring!” sÃ¥ gjorde ho det.

Leave a comment