Bookish

Dag 9

Ord i dag: 2035
Ord totalt: 11084

11084 / 50000 words. 22% done!

Om eg berre klarar å fortsetje å skrive ca. 1900 ord kvar dag skal dette gå. Men eg blir så fort distrahert. Dette tok, igjen, ca to og ein halv time, pluss skriving på trikken til og frå jobb. <3 internett.


Etter kvart blir det raude teppet mindre tjukt, og tynnare og meir skitent. Eg prøver å gå langs veggen, der teppet er meir raudt og mindre grå-brun-svart. Dei andre sparkar opp støv der dei går og drar føtene sine. Både Pia og guten er berrføtt, eg skjønar ikkje korleis dei kan gå der, korleis dei kan la huda si vere borti noko så ekkelt veit eg ikkje. Men når eg tenkjer meg om innser eg at dei har bytt spytt, og det har eg aldri skjøna, eg må nesten stoppe og brekke meg når eg tenkjer på det.

Leave a comment

Dag 8

Ord i dag: 2007
Ord totalt: 9049

9049 / 50000 words. 18% done!

Eg er så flink! Men eg må bli flinkare til å skrive fortare, dette tok meg godt over to timar med nokså intens skriving (ikkje at eg ikkje blir distrahert).


“Kva?” seier ho, men ho drar pÃ¥ det, sÃ¥ det høyrest mest ut som “kvaaaaaaaaaa…” og ho sovnar nesten rett framfor meg. Sovnar? Nei, det er i alle fall ikkje ein god svevn, kanskje ein full av mareritt og kaldsveitte og laken som sklir av madrassne.

Leave a comment

Dag 7

Ord i dag: 1383
Ord totalt: 7042

7042 / 50000 words. 14% done!

Ei av novelle går mot å bli ei mykje lengre novelle enn eg vanlegvis skriv. Som sikkert er bra, det blir fleire ord. Og det går meir framover no.


Vi fell. Men vi treff ikkje metallrøyr eller veggar, vi står plutseleg på eit lineoliumsgolv i eit hardt, kaldt lys som skin gjennom huda og inn til sjela. Lilla frakkar står og kviskrar med kvarandre, ein gong imellom ser dei over på oss.

Leave a comment

Dag 6

Ord i dag: uvisst
Ord totalt: 5659

5659 / 50000 words. 11% done!

Bytte frå rart program på tab-en + ordteljar på nettet til google drive, og mista ca 500 ord. Kjipt. Men google tel som nanowrimo, så betre å miste no enn seinare.


Tankane går. Eg vil så gjerne komme meg vekk. Eg må vekk frå denne lukta, eg held det snart ikkje ut, det er for mykje for meg, eg sprett opp igjen, eg må vekk. Katrine strekk seg etter handa mi, men eg vil ikkje ta på henne.

Leave a comment

Dag 5

Ord i dag: 1733
Ord totalt: 4941

4941 / 50000 words. 10% done!

Skrivemøte, sjølv om eg er sjuk.


Nummer ein frå venstre. Ei jente, omtrent på min alder, midten av tjueåra. Ein gong har ho vore atletisk, no er ho berre senar, ho ser ut som ein anoreksikar, med innhola kinn og mørke, djupe sirklar rundt auga. Ho har langt, lyst hår, som ho bør klippe av så fort ho kan, sjølv frå der eg står kan eg sjå insektlivet som kravlar rundt der, som bit henne i hovudbotnen, og slæst med kvarandre om territorium. Ho har nesten ikkje klede igjen på kroppen, dei er etne opp av insekt, og ser ut som dei er rivne i stykkar før ho tok dei på seg.

Leave a comment