Strikk

Mariusgenser til Eva

Mariusgenseren er òg ferdig. Masse masse montering. Sy, klippe, dampe, stryke, sy og sy.
Mariusgenser

Mariusgenser

Mariusgenser til Eva
Eg sydde på ein liten namnelapp. Sjølv om broderiet ikkje blei spesielt pent.

No ventar eg berre på at ho skal hente den.

2 Comments

Danielstrikk

Eg har lese masse strikkebloggar i det siste, så eg tenkte eg skulle vise fram noko av det eg har strikka i det siste.

Først strikka eg ei bukse i patentstrikk til Daniel. Eg ringde Mamma og spurde kva ein eittåring trong, og det var det ho svarte. Dette er den einaste oppskrifta eg fann på garnstudio for patentbukse.
CIMG4685

Så fann eg kjekkasgenseren på pickles, og berre måtte strikke den.
Kjekkasgenser

Og så fann eg ut at eg skulle eit par vottar som han nok kan vekse inn i.
Mann- og konevottarMann- og konevottar
Det er ikkje så lett å sjå her, men det er altså ein mann og ei kone på vottane.

Leave a comment