Kjolen!

No gler eg meg til sommar!

Denne kjolen fann eg mønster til, målte og klippa ut på golvet på Sinsen, altså førre sommar. Symaskina eg arva av Bestemamma krangla så mykje at eg gav opp å sy den. Men no har eg ny symaskin, så eg kunne sy. Denne maskina syr faktisk veldig godt, så det er veldig deilig.

kjole1
Den sit faktisk ganske godt. I alle fall til å ha hatt store problem.

Her er den på hengaren. Ikkje like pen.
kjole2

Og nærbilete av mønsteret:
kjole3
(Med blits, så fargen ser litt annleis ut.)

Eg må nok framleis fikse litt på skjørtet i front, og korte litt ned på stroppane. Men det får bli ein annan dag.

Og her er lenke til “mønsteret”.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.