Ein post om Damaskus, ikkje med bilete

Eg har ikkje skrive saa mykje om Syria og Damaskus. Eg skal freista retta paa det no.

Damaskus er ein by eg har vorte veldig glad i paa berre den eine maanaden eg ahr budd her. Folk er veldige hyggjelege og hjelpsame, og byen (serleg innanfor murane) er veldig vakker og har mykje personlegdom. Eg bur i eit hus som er bygd inn i eit av taarna. Bussen til universitetet gaar paa vegen under, saa eg klatrar ned taustigen kvar morgon. Eg klatrar over murane til Damaskus!

Sjoelv om eg likar byen og folket veldig godt, er det irriterande aa ikkje ha internett, og det er slitsomt aa maatte passa paa kva eg seier. For to dagar sidan tok Kjersti og eg ein drosje med sjaafoer som dissa regjeringa og islam. Det var rart og litt skummelt.

Ein veit aldri kven som jobbar for styresmaktene. Sjoelv utlendingar kan gjera det.

Men eg trivast likevel.

Arabisken vert enklare. Eg er massivt spraakforvirra, med norsk, noreg, engelsk, fransk og dialekt- og standardarabisk. Men det gaar bra det og.

2 Comments

  1. Sara says:

    Det høyrest jo veldig bra ut :)

  2. Ingeborg says:

    Jeg liker tanken på å klatre ned en taustige for å rekke bussen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.