30 days

Hamløyparane: 19

“Klarer du deg sjølv i nokre timar? Eg mÃ¥ gÃ¥,” sa Anneli. Dei hadde byrja Ã¥ dele liket opp i bitar sÃ¥ dei kunne frakte det utanfor byen og brenne det. Anneli hadde sagt eit formular for Ã¥ hindre lukta, dermed var det mogleg Ã¥ jobbe med det, og naboane ville ikkje mistenkje noko.

Mira sÃ¥g ned, vrei litt pÃ¥ seg. “Sikkert.”

“Det er berre at prins Artur sende meg ei melding, han treng hjelp til noko, det vil vere veldig rart om eg ikkje kjem.”

“Ã….”

“Du veit, eg er faktisk venn med han, trur eg. Eg brukte Ã¥ hjelpe han med magien og det.”

“Gjorde du?”

“Mhm.”

“Eg trudde ikkje han var med vanlege folk som oss.”

“Ikkje til vanleg, viser det seg, men han trong ein hjelpelærar, og professor Vu tilrÃ¥dde meg.”

“Ã…ja.”

“Difor mÃ¥ eg dra. Det vil vere veldig rart om eg ikkje gjer det.”

“Ok.”

“Eg bør vere tilbake om nokre timar. FÃ¥ deg noko Ã¥ ete i mellomtida.”

Mira gjorde ikkje så mykje, så Anneli svarte at ho kom, og gikk inn på soverommet. Ho hadde sølt blod på kleda sine, ho trong nokre nye. Sjølv om Mira var større enn henne, var det betre enn å måtte dra heim til henne sjølv først. Ho kunne berre velje riktig kjole og snøre den ekstra saman i ryggen.

Ei ny melding tikka inn på mobilen hennar. Kom så fort du kan.

Ho gikk stille ut døra, heldt utkikk etter naboar, men det var ingen. Så fort ho kom ut på gata byrja ho å springe i retning palasset, og kom fram til tenardøra ho hadde brukt før sveitt, varm og sliten.

Artur opna for henne.

Leave a comment

Hamløyparane: 18

Den eldste jenta reiste seg først, tok den yngste på armen, byrja å gå. Ho såg ikkje på Irina i det heile tatt.

Eit ul kom frå ein eller annan plass i skogen, men det var ikkje nær dei.

“Bli med meg heim,” sa Irina.

Jenta sa ingenting, berre gikk, med hendene i kvar søster si hand. Irina småsprang etter dei.

“Det er mørkt. De vil ikkje klare dykk her ute.”

“Vi mÃ¥ heim.”

“De kjem ikkje til Ã¥ komme dykk heim!”

“Ikkje om vi ikkje prøver, i alle fall.”

“Høyr pÃ¥ meg. Hòla mi er ikkje langt herfrÃ¥. Den er beskytta. Bli med dit, sÃ¥ skal eg følgje dykk til byen sÃ¥ fort det blir lyst, ok?”

“Siv,” sa den mellomste jenta klagande. “Kan vi ikkje bli med henne, dÃ¥?”

“Eg er sÃ¥ sliten,” sa den yngste jenta.

“Men vi kan ikkje stole pÃ¥ henne,” sa den eldste jenta. “De veit at vi ikkje kan stole pÃ¥ framande.”

Dei hadde stoppa opp no, dei to minste heldt den eldste, Siv, igjen. “Men ho redda oss jo,” sa den mellomste.

“Ja, ho er sikkert snill,” sa den yngste.

Irina visste ikkje om ho skulle blande seg eller ikkje, dei to borna gjorde ein betre jobb med overtalinga enn ho nok ville få til, men det kom ein brasing av store kroppar gjennom underskogen, og ho fanga opp dunsten av grantre.

“Kom igjen,” sa ho, tok ei hand, og byrja Ã¥ springe igjen.

Utan å sjå bak seg visste ho at udyra kom nærare og nærare, heilt til dei stupte gjennom hòleopninga og ho kunne smelle igjen forsvarsverka.

Leave a comment

Hamløyparane: 17

Artur tok med seg Brede i eit syltetøyglas til neste forelesing. Han visste ikkje om han torde å spørje professor Vu om hjelp, han hadde aldri vore ein god student, og den einaste grunnen til at framleis fikk følgje kurset var tittelen.

Men Anneli kunne kanskje hjelpe. Ho hadde vore hjelpelærar for han før, i eit av farens desperate forsøk på å lære han magi. Ho var sinnsjukt god. Det var berre hans feil, vel, det var dei fullstendig manglande magiske genane hans.

Han var tidleg. Han fann ein plass nesten heilt nede ved kateteret, der Anneli satt. Ho hadde ikkje komme enn, som eigentleg var litt rart, men han tenkte ikkje så mykje over det, han var berre nervøs. Nervøs for at nokon skulle sjå Brede og ta livet av han. Nervøs for at nokon skulle sjå han snakke med ei humle og kalle han gal. Nervøs for at dei endeleg skulle kaste han ut.

Rommet blei sakte men sikkert fylt av studentar, dei plasserte seg i seteradane stort sett etter kor dyktige dei var. Det var berre eit par minutt igjen, professor Vu hadde allereie komme og byrja å ta ut overhead-arka av veska. Artur heldt auge med døra, og blei skuffa kvar gong den opna seg.

Han kviskra til jenta ved sida av seg. “Har du høyrd frÃ¥ Anneli? Kjem ho ikkje i dag?”

“Veit ikkje, ho har ikkje sagt noko, men ho var ikkje pÃ¥ kollokvie i gÃ¥r, sÃ¥ kanskje ho er sjuk eller noko.”

“Kanskje. Takk uansett.”

Ho kom ikkje heile forelesinga.

Leave a comment

Hamløyparane: 16

“Opne døra! Vi kan høyre deg der inne!”

Anneli fraus midt på golvet. Ho kunne ikkje tru at Mira hadde gjort dette mot Ragnar, men ho ville bli mistenkt, det var ingen andre. Mira kunne utføre magi, det kom til å komme fram, og då kom politiet til å bruke det som motiv.

Folk hadde blitt fengsla for mindre.

“Mira!” kviskra ho. “Kva skal eg gjere?”

Mira kom ut frå badet, men blei berre ståande og stire, med eit tomt uttrykk i ansiktet.

“Eg kan skjule han med magi?”

Mira sperra auga opp, rista pÃ¥ hovudet. “Nei, dei kan detektere det.”

“Lukk opp! Elles kjem vi inn!”

“Ein augeblink!” ropte Anneli. Ho sprang til badet, tok eit stort handklede og tulla det rundt liket. Ho drog det inn pÃ¥ soverommet, høyrde døra opne, store føter trampe inn. Det var sÃ¥vidt plass under senga. Liket var stivt og umedgjerleg, huda var ekkel Ã¥ ta pÃ¥, og gass hadde bygd seg opp sÃ¥ ho nærast kunne skyve huda rundt utan at kroppen følgde etter.

Ho hadde akkurat lukka skapdøra frå innsida då dei tunge skritta til politifolka og den nervøse stemma til Mira kom inn på soverommet.

“Nei, eg sver, eg har ikkje høyrd frÃ¥ han sidan i gÃ¥r.”

“Kvifor melde du han ikkje som sakna?”

“Eg… eg veit ikkje.” Mira byrja Ã¥ grÃ¥te.

“Kva med denne lukta?” sa politimannen.

Anneli kunne berre håpe at Mira klarte å tenkje nok til å finne på noko. Det klødde i fingrane hennar, ho ville berre springe ut og forsvare venninna.

“Eg kjøpte noko kjøt som blei dÃ¥rleg.”

“Ja, det skjer.”

Skritta dei fjerna seg igjen. Anneli sleppte ut pusten. På tide å leggje ein meir permanent plan.

Leave a comment

Prosjektet (“Hamløyparane”?): 15

Irina følgde etter kvinna på hesten. Ho visste ikkje heilt kvifor, noko var gale, ingen av dei burde vore der i det heile tatt.

Kvinna hadde hetta over hatten, så ansiktet hennar var skuggelagt, men Irina hadde ikkje kjend det igjen uansett. Ho såg berre det lange, svarte håret som hang i ei flette over brystet hennar.

Ho småsprang gjennom underskogen bak og til høgre for hesten og ryttaren, lagde nesten ikkje lyd på mjuke føter.

Dei stoppa i ei lysning langt frå hòla hennar. Sjølvsagt hadde ho vore der før, ho hadde vore i heile skogen, men ho var likevel meir usikker enn ho følte ho burde.

Tre unge jenter var bundne fast med kjetting til eit tre. Fem eller seks ulvar stod og glefsa rundt dei, men var merkeleg tilbakehaldne, aldri borti kleda eller huda deira. Irina ville springe fram og fri jentene, men kvinna på hesten hadde komme fram og stige ned.

“Tilbake,” sa ho, og ulvane trekte seg saman, gjorde seg smÃ¥.

“Slepp oss fri!” sa den eine jenta, ho sÃ¥g eldst ut, var kanskje seksten. Dei andre var kanskje søstrene hennar, det var vanskeleg Ã¥ sjÃ¥ under eit lag med skit og tÃ¥rer.

Kvinna klødde ein av ulvane bak øyret. “StÃ¥ stille, sÃ¥ skal eg ikkje gjere dykk noko vondt.”

Med det byrja jentene å sprelle, dei trakk i handjerna og den tunge kjettingen. Dei blei meir og meir desperate, og den minste jenta byrja å gråte.

Kvinna sa eit kort trylleformular, og jentene stod heilt stille. Berre auga bevegde på seg, store og kvite i det krypande tussmørket.

Ho sat seg ned med beina i kors, tok av hatt og hette, tok eit par djupe andedrag. Songen ho sat i gang var magisk nok til å få trea rundt til å vibrere, og Irina merka effektane på sin eigen kropp, sjølv om ho tydeleg ikkje var målet. Det var eit langt formular, med mange variasjonar og binding av lojalitet, men ho måtte gjere noko raskt, om ho ikkje skulle bli bunden sjølv.

Ho sprang gjennom underskogen rundt lysninga til ho var ved treet der jentene stod. Songen prøvde å trengje seg gjennom forsvarsverka hennar, skape henne om til noko anna.

Ho sa sitt eige formular, kutta av treet rett over kjettingen. Det fall, brasa på veg ned, men songen stoppa ikkje. Irina plukka opp den minste jenta, tok handa til mellomste, og sette av garde. Den eldste jenta følgde etter, bunden i same kjetting som søstrene, gikk tilsynelatande på autopilot, såg ikkje på Irina, i alle fall. Dei måtte berre langt nok at magien ikkje kunne rekkje dei.

Irina styrde dei mot hòla si, men den vesle jenta, framleis utan rørsler, blei så tung til sist at dei datt overende. Ho blei liggjande og puste tungt, prøvde å kjenne etter om det uferdige formularet framleis hadde effekt på dei. Ein svak eim av svart magi og kroppsfunksjonar hang i lufta rundt dei, men elles var dei trygge.

Nokon byrja å gråte.

Leave a comment