Writing

Amygdala

Så, eg heiter Amygdala. Eg veit. Eg trur foreldra mine prøvde å gå for Amidala, dei såg visst Star Wars på eit tidspunkt, eller kanskje Amélie, dei såg den òg. Dei såg nok meir film enn dei las bøker, i alle fall. Men ein kan ikkje gå rundt og kalle seg Amygdala, det berre går ikkje, så eg plar å kalle meg sjølv Amie. Du veit, fransk for venn. Det må då vere eit innbydande namn? Folk flest går for det engelske Amy. Og det funkar vel, det.

Leave a comment

NaNoWriMo: Dag 3

7567 / 75000 words. 10% done!

Dette går berre akkurat passe bra.

Sjølv Guri hjelper til.


“Kanskje det er den vonde tvillingen din,” sa Espen og lo.
Eg lo òg. “Sjølvsagt har eg ein vond tvilling. For eg gjer ikkje nok skade på eiga hand.”
“Du gjer ikkje det,” sa Samuel. “Du går berre rundt og nynnar og er elskbar.”
“Å, herregud,” sa eg. “Aldri sei noko sånt om meg igjen. Elskbar!”
“Du er ganske søt, då,” sa Samuel.
Og så blei alle plutseleg heilt stille. Var han framleis forelska i meg? Han kunne ikkje vere det. Det kunne ikkje vere sant. Det burde vere flatterande, kanskje, men det var meir forferdeleg.

Leave a comment

2010 TK7

Denne teksten las eg i dag på Ordkalotten, litteraturfestivalen i Tromsø, saman med dei andre forfattarstudentane.

Eg eksisterte i Lagrange-punktet hennar. Bunden av tyngdekrafta, alltid i nærleiken, men aldri nær nok til at ho merka meg.

Eg kom inn i bana til Jorid då vi studerte saman. Vel, eg seier saman, vi studerte det same, sat i dei same bygga, dei same salane, høyrde dei same forelesingane. Eg merka henne, slik ein meteoride i rasande fart inn i atmosfæren merkar planeten. Å, for eit pent stjerneskot. Der var det borte.

Ho fanga meg inn. Ho visste det ikkje, men vi hadde dei same vennene, gjekk på dei same festane, las dei same bøkene.
Eg prøvde å komme meg vekk. Det var ikkje til å halde ut, å aldri komme nærare.

Jorid gjekk i bane rundt Solomon.

Ho spann om sin eigen akse, men det var han ho gjekk i bane rundt. Han hadde andre satellittar òg, men ho var spesiell, ikkje for nær, ikkje for fjern, ikkje for varm, ikkje for kald. Dei var perfekte saman. Han fekk henne til å blomstre. Ho gav meining til eksistensen hans.

Dei gjekk alltid rundt og lo saman. Det var ikkje irriterande, det var sjarmerande.

Eg drøymde om å komme meg vekk frå lyset hennar, å bli sett sjølv, for den eg var. Eg drøymde så mykje som ein liten, grå stein kan drøyme.
Ein dag kom redninga mi. Eg hadde sklidd litt vekk frå Jorid og Solomon, slik eg periodevis gjorde. Eg møtte Lovejoy tilfeldig. Eg gjekk aldri ut, aldri aleine, men den kvelden gjorde eg det, og han spanderte på meg. Eg syntest namnet hans var idiotisk, men han var hyggeleg, og det var viktigare, og enda viktigare var det at han ikkje kjende Jorid eller Solomon. Vi dansa, naut mørket og det svake stjernelyset.

Jorid kom inn i baren, Solomon følgde tett på. Eg prøvde å ikkje seie noko, men Lovejoy såg vel at noko var gale. Eg fortalde korleis dei ignorerte meg. Han gjekk bort til dei, sa noko til Solomon, Solomon slo han i ansiktet. Han tok nokre steg bakover, såg ut som at han skulle falle. Solomon slo han igjen, i magen, og Lovejoy verka mindre enn han hadde vore. Eg sprang bort, tok han i handa, og vi flykta.

Vi flykta langt, langt ut i mørket og kulda, der alt vi hadde av selskap var bakgrunnsstrålinga.

Du har ikkje høyrd om meg. Eg er ein tre hundre meter stor steinklump. Eg heiter 2010 TK7.

Leave a comment

Hamløyparane: 25

Irina kasta seg bak eit tre. Nokon stod og grov eit hol i marka ved sida av stien. Det var ei kvinne, kanskje kring førti år gammal, korrekt i kjole, etter det Irina forstod, og stråhatt.

Dei tre søstrene hadde overtydd henne om å bli med dei inn i byen, dei ville visst at ho skulle bli med dei inn i huset deira. Ho hadde gått frå dei rett innanfor murene, rekna med at dei fann vegen heim sjølv.

Kaia og Eline hadde klemt henne rundt livet, og sagt at dei ville sakne henne, men Siv såg berre beklemt ut.

Ho hadde vandra litt rundt etter det, men alle stira på henne, og det var vel ikkje rart, ho såg at ho ikkje såg ut som dei. Då ho var lita hadde ho hatt kjolar som dei, og ho hugsa ein liten, lyseblå hatt med silkeband. Men det var ikkje spesielt mykje bruk for underskjørt og hovudpryd aleine i skogen.

Kvinna var visst ferdig med å grave, ho klatra ut av holet og opna ein bag ho hadde ved sida seg. Ho verka underleg kjend. Ut av bagen trekte ho svarte sekkar med noko tungt i, kasta dei ned i holet, og byrja å skyfle jord oppå.

“Eg ville grave eit djupare hol,” sa Irina.

“Kva?”

“Kva heiter du?”

“Irina?”

“Ja.”

“Kva gjer du her? Eg trudde de hadde flytta.”

“Kva? Nei.”

“Men kvar blei de av, då?”

Irina såg ned. “Dei døydde.”

“Å nei. Stakkars vesle Irina.”

“Eg hugsar deg berre såvidt. Kven er du?”

“Eg er søstera til mora di.”

Leave a comment

Hamløyparane: 24

Brede tumla ut av syltetøyglaset over på skrivebordet sitt. Det måtte vere hans, han kjende det igjen, og det låg notatark rundt han med hans eiga handskrift. Berre gigantisk, liksom.

“Ser han ikkje betre ut?” sa ei stemme. Det var ikkje Artur, han hadde blitt van med stemma til Artur, og dette var ikkje stemma hans. Det var ei damestemme, og han burde kjenne den igjen, det visste han, langt inne i den vesle humlehjernen sin.

“Jo, kanskje,” sa Artur. “Kan du bevege deg, Brede?”

Brede kravla seg på beina. Han følte seg svak, men med seks bein i staden for to var det lettare å halde balansen. Det var for kaldt i kroppen hans til at han kunne fly, og han hadde ikkje energien til å vibrere fllygemusklane, men han kunne gå. Litt, i alle fall.

“Skjønner du noko?” sa Artur, men ikkje til Brede.

“Eg kjenner formularet han har brukt, det heng framleis i lufta. Kor lenge var det du sa det var sidan han blei forvandla?”

“Tre dagar.”

“Det burde vore meir… Forsvunne, liksom. Han må ha hatt ekstra energi.”

Det måtte vere Anneli. Den smartaste jenta i klassen. Og ho var på rommet hans! Hadde han rydda alt undertøyet over i skitentøyskorga? Han hugsa ikkje, og det var umogleg å sjå. Han hadde ikkje støvsugd på minst to veker, så det fekk berre vere som det var.

“Kva er desse tønnene?”

“Veit ikkje, har han sagt noko til deg.”

“Nei, men det har vore ganske vanskeleg å kommunisere.”

“Hmm…”

Inni seg skreik Brede. Han visste ikkje korleis han kunne bli forvandla tilbake, men om det var nokon som kunne, var det Anneli. Ho måtte ha all informasjonen ho kunne få. Han kravla over til eit av notatarka, håpa dei ville leggje merke til han.

“Kva er det han driv med?” sa Anneli, og Brede høyrde særleg den melodiske klangen av stemma hennar.

“Eg trur kanskje han prøver å vise oss noko,” sa Artur.

“Wow. Det er notat frå professor Vu sin time. Eg hadde nesten gløymd at han gikk i same klasse som oss.”

Hjartet til Brede kunne ikkje søkke spesielt langt, men det kjendest som at det fauk nedst i brodden hans, og han kunne ikkje dra den tunge bakkroppen i nokon retning.

“Det var den timen han snakka om korleis ein kan seie formular som krev meir energi enn ein einsleg person kan bruke sjølv. Vu snakka om å bruke fleire magikarar, men det er tydeleg at Brede fann ein måte å gjere det på eiga hand.”

“Tyder det at du kan forvandle han tilbake?”

“Kanskje. Om vi finn nok energi. La meg snakke med professor Vu.”

Nei!

Leave a comment