meme

30 days: (30) kva eg vil

Day 30 → Whatever tickles your fancy

I dag er siste dagen med dette memet. Det er rart, det er fint og det er litt trist. Eg har eigentleg lika å poste noko kvar dag. Særleg bilete. Kanskje eg skal gjere det i juli, kvar dag eg har internett skal eg poste eit bilete? Eg likar den ideen. Kanskje resten av juni og så heile juli. Men eg veit ikkje kor mykje internett eg faktisk kjem til å ha. Så eg veit ikkje kor lur ideen faktisk er.

Konklusjon: eg legg ut eit bilete kvar dag i juni. Evaluering på slutten av månaden.

For dagens “kva eg vil”: å sitje på kafé og skrive.

Writing at café

Leave a comment

30 days: (29) planar og håp

Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days

Nest siste dagen i dag. Her kjem planar og håp for det komande året.

Jobb/Målungdommen
Eg vonar eg finn meg til rette og trivst på kontoret. Eg vonar eg føler at eg får gjort noko. Eg vonar eg vil føle meg nøgd og glad på slutten av året.

Studie
Eg vonar eg får tatt ARA2121 (språkhistorie, dialektologi og noko sånt) på våren. Eg vonar eg får opp motivasjonen for å gjere eit år med fransk.

Reising
Eg vil til Roma. Eg vil til San Francisco. Eg vil til Damaskus. Eg vil til Palestina.

Venskap
Eg vonar eg får heldt oppe kontakten med vener. Eg vonar eg får nye vener. Eg vonar eg er god med venene mine.

Kjærleik
Eg har gitt opp kjærleik. Samstundes har eg sjølvsagt alltid håp, ein bisarr, masochistisk stad inne i meg.

Day 30 → Whatever tickles your fancy

1 Comment

30 days: (28) dette aaret

Day 28 → This year, in great detail

Dette var det siste aaret, grovt skissert. Mykje eg har gloeymd.

Juni 2009
Siste eksamen, fikk A i munnleg arabisk. Litt ferie. Starta paa Ingest paa NRK, jobba 9-17.

Juli 2009
Jobb. Sommarleir i Elverum. Jobb.

August 2009
Jobb. Reiste til Damaskus 18. Byrja privattimar med Maha (den beste i verda).

September 2009
Universitetet starta, nivaa 4. Etter to veker fikk me ei veke ferie, for Eid. Eg drog til Palestina og Israel, det var fantastisk. Meir uni.

Oktober 2009
Uni level 5. Drog til Tartus og eit svaert fort (hugsar ikkje namnet).

November 2009
Flytta fraa hostellet. Uni level 5 framleis. Drog til Kairo. Fikk familien paa besoek. Det var fint.

Desember 2009
Drog til arameiskinstituttet i Maaloula. Uni level 5 med ein veldig god laerar. Drog heim den 22. Jol, fint. Portugal. Doctor Who. Sjuk. Nyttaar.

Januar 2010
Meir sjuk. Paa Riksen for kontroll, Mamma kom med meg. Dei forklara ting. Uni starta, eg tok arabisk, fransk og midtaustlitteratur. Vinterleir med NMU.

Februar 2010
Fri fraa fransk. Ein litt daarleg maanad.

Mars 2010
Byrja ikkje aa gaa i fransken igjen. Landsmoete i Oersta. Reiste til Kansas, saa vidare til San Francisco.

April 2010
San Francisco. Vage eksamensfoerebuingar. Korps.

Mai 2010
17. mai, eksamen.

Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment

30 days: (27) denne månaden

Day 27 → This month, in great detail

Eg hugsar ikkje alle dagane, og eg eter eigentleg frukost med Susan, saa det faar kome utan. Mesteparten skreiv eg paa laurdag.

Veka 17.-23. mai
17. mai starta tidleg, flaggheis på Vettre klokka sju. Tog rundt Skaugum. Frukost på Leangkollen. Borgartog til Vettre og så til Bondi. Pølser og is og kake hjå Bestemor. Pappa køyrde meg og Ola til Caroline. Var der ein stund, drog heim for å lese til arabisk skriftleg. Hadde gløymd nøklane i Asker. Ola kom med nøklar.
Tysdag. Arabisk skriftleg. Det gikk sånn passe, eg gjetta på C, og det fikk eg. Fikk nøklar og regnjakke av Mamma.
Tok meg litt fri onsdag og torsdag.
Fredag. Fann plutseleg ut at eg kanskje skulle finne novella eg skulle lese og skrive om på heimeeksamen i MØNA1300. Leita på internett, ringde bokhandlar. Ende opp på Bekkestua, så på Blindern. Gløymde ettereksamenskos med klassen i parken.
Laurdag.
Sundag.

Veka 24.-30. mai
Måndag var andre pinsedag, eg las palestinahistorie.
Tysdag. Handla med Ulrikke. Drog opp på Blindern for å byrje på eksamen 12.30. Skreiv og las til PC-en gikk tom for straum.
Onsdag. På Blindern med straumkabel. Lunsj med Mamma. Kaffi med Jens.
Torsdag. Skreiv heime. Fikk fem tusen ord tidleg ettermiddag og hadde svart på oppgåva. Gadd ikkje meir den dagen.
Fredag. Sto opp seint, retta litt og skreiv innleiing til oppgåva. Leverte i god tid før fristen 15:00. Ulrikke kom og me kjøpte øl. Såg på Top Gear og drakk øl og portvin, Ulrikke drakk jordbær- og litchisider. Me vart morosame.
Laurdag.
Sundag.

Veka 31. mai-6. juni
Lesing til munnleg starta for alvor.
Måndag.
Tysdag.
Onsdag.
Torsdag.
Fredag. Munnleg eksamen 13:30. Eg fikk feil tekst (min feil, men eg kunne gjort det mykje betre med ein annan tekst). Fikk C. Byrja lesing til fransk. Var ute i parken og røyka argile og drakk øl og grilla med klassen i to omgangar, las fransk imellom.
Laurdag. Las fransk i parken.
Sundag. Las fransk i parken, sommaravslutning med SmiO.

Veka 7.-13. juni
Måndag. Franskeksamen, lunsj med Mamma, jobbmøte med Stephan, Doctor Who, middag i Asker.
Tysdag. Skrivarstova, SST-møte, Ulrikke.
Onsdag. Skrivarstova, kurs, slappa av.
Torsdag. Skrivarstova, jolletur med Janne.
Fredag. Skrivarstova. Teater.
Laurdag. Skulle hatt Pathfinder-rollespel. Var sjuk i staden. Pakka.
Sundag. Doctor Who. Reise til Edinburgh: Torpekspressen 18:00. Ryanair 21:35-22:25 (lokal tid). Susan henta meg og me gikk heim til henne.

Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

2 Comments

30 days: (26) denne veka

Day 26 → Your week, in great detail

Laurdag 5. juni
Det var fint vêr. Eg satt ute i parken og las fransk. Ola var i Italia, så eg var heilt aleine. Eg klarde ikkje å smøre meg på ryggen, så eg vart solbrent. Las vidare på sofaen inne. Var òg sliten og demotivert av lesinga.

Sundag 6. juni
Det var fint vêr sundag òg, så eg sat i parken med bok og PC. Rundt klokka tre kjøpte eg jordbær på Sultan og gav meg i veg mot St. Hanshaugen, der sommaravslutninga til SmiO skulle vere. Eg grilla og koste meg med dei. Eg drog heim ganske tidleg for å lese til fransken, men eg fikk ikkje lest så mykje. Pakka matpakke.

Måndag 7. juni
9:00 Eksamen i gymsal 1 i Idrettsbygningen på Blindern. Gikk 10:15 etter å ha ete ei brødskive og sjekka over svara mine. Gikk ned på Akademika for å bruke gåvekortet eg fikk for å bruke masse masse pengar på pensum der, men det hadde allereie gått ut (31. mars, faktisk. Dust). Kjøpte brevpapir med jordbær på uansett. Sat meg på internett på Sophus Bugge. Åt lunsj med Mamma i Messa på Marienlyst 12:00. Møte med Stephan ca 14 om jobb. Heime litt etter 15, såg Doctor Who med Axel. Drog heim til Asker på middag. Det var tacos. Mamma køyrde meg heim saman med trombonen og symaskina, som eg har fått låne. Syddde.

Tysdag 8. juni
9 på skrivarstova. Middag på hydna (Tandoori Corner eller noko liknande på Grønland) litt etter fem. Sentralstyremøte 18:10. 19:15 sneik Ulrikke og eg oss ut og heim. Såg Top Gear til Ulrikke måtte ta siste bana heim.

Onsdag 9. juni
Møtte Kristian litt etter ni på Stortorget, me henta posten. Så sykla me ned til skrivarstova saman. Klokka 13 var Eva og eg på statsstønadkurs. Eg drog ned på skrivars igjen for å hente sykkelen. Fri på kvelden, så eg sydde litt. Eg treng ordentleg kvit tråd, har ikkje fått kjøpt det enno.

Torsdag 10. juni
9 på skrivars igjen. 13 på Rikshospitalet for å få påhekta ein hjartelydopptakar. Den skulle eg ha på i 24 timar. Tilbake på skrivars. Mange kommentarar på opptakaren. Tok bussen til Leangbukta og møtte Janne. Me var på fantastisk jolletur, sjølv om både jolla og motoren har det litt tungt på sine eldre dagar. Me kom oss til Kråkholmen, der åt me scones og kylling og filma gal svale. I Vollen hadde bensinstasjonen stengd, så me fikk ikkje kjøpt is. Me var i hamn ca 22:20, gikk saman til Hvile, og ende opp med å planleggje tur til Håøya i ein halvtime, så det ikkje var så lenge igjen til bussen kom. Var heime rundt midnatt.

Fredag 11. juni
9 på skrivarstova, ingen var der. Kristian og Eirik og eg hadde ein fin dag. Kom heim i regnet, åt litt, gikk på fantastiske Evig ung på Det norske teatret. Plutseleg vert det ikkje så ille å verte gammal.

Day 27 → This month, in great detail
Day 28 → This year, in great detail
Day 29 → Hopes, dreams and plans for the next 365 days
Day 30 → Whatever tickles your fancy

Leave a comment