Heime fraa tur

Daa var eg heime fraa tur.

Eg kom heim laurdag kveld etter 13 timar med reise, grensekryssing, papirarbeid, dyre drosjeturar i Nord-Jordan, stress og veldig lite mat. Det var definitivt ikkje ein god slutt paa ein veldig fin tur.

Paa mange maatar foretrekk eg Damaskus.

Det er eit faktum at folk her er hoeflegare, venlegare og meir villege til aa prata arabisk med meg (om ikkje saa mykje, saa i alle fall litt). (Og det er mykje billegare her.)

Eg veit kvar ting er i Damaskus. Eg kan ta bussen i Damaskus.

Snart kjem eg til aa villa dra paa tur att.

3 Comments

Dikt: Havet

Eg elskar deg, havet.
Korleis lever eg utan
deg, i ørkenen?
Utan bølgesus,
sjøsprøyt,
lukta av salt?
Eg må bu nær deg,
havet, eg vil bu på eit
skjær i skjærgarden.
Då vil eg vera nær
deg, med bølge-
sus, sjøsprøyt,
og lukta av salt?

Leave a comment