Bilete frå turen til Aleppo

Me tok nattoget frå Damaskus til Aleppo 10. september. Me drakk te og kaffi og gikk for å sjå fortet (قلعة حلب), som er gamalt. Så åt me frukost, og drog til staden der St. Simeon hadde pålen sin (قلعة سمعان). Den er eldre. Pålen var veldig høg, no er han ganske låg på grunn av alle pilegrimane som har tekne med seg bitar. Deretter tok me toget heim.

5 Comments

Nok eit dikt: Eg var

Eg var

I oldtidas Egypt var eg oppdagar,
Eg fann kjeldene til Nilen.

I vikingtida var eg ein viking og kona hans,
Eg var tøff, eg var stri.

I Europas mellomalder var eg ein riddar,
Eg hadde hest, skjold og sverd.

I barokken var eg ei fin frue i kjole,
Eg spelte cembalo og hadde parykk.

I krigens dagar var eg motstandshelt,
Eg ofra liv og lemmar for landet.

i dag er eg student
nett som alle dei andre

10.-12. juli 2009

Leave a comment

Ennå eit dikt: Eg vandra

Eg vandra

Eg vandra meg inn i ein skog av glede
Om berre eg kunne dela han
For delt glede er dobbel glede
Eg ville dobla gleda mi

Eg vandra meg gjennom ein skog av lengsel
Ã…, som eg lengta etter noko
Eg er ikkje sikker på kva det var

Eg vandra meg ut av ein skog av glemsel
Eg hadde gløymd deg

10. juli 2009

Leave a comment